Meteorologisk institutt har sendt ut obs-varsel om at det kan verte liten til full storm på kysten og i fjellet på Nordvestlandet og i Trøndelag frå laurdag ettermiddag. Varselet gjeld fram til søndag føremiddag.

Det betyr at dei som er ute for å gjere knask eller knep bør halde ekstra godt på hatten i kveld.

Frå klokka 18 til klokka 24 er det også meldt om rikeleg nedbør i Ørsta, frå 3,4 – 6,6 mm.

Temperaturmessig er det derimot ikkje så verst, med 12 varmegrader til kvelden.

Møre-Nytt har også fått høyre om dei som har målt 16 varmegrader i Ørsta i dag.

Refleks

Dei vert også oppmoda om å bruke refleks, slik at dei er godt synlege.

– Kle borna med refleks, eller sy dei inn i kostyma. Ikkje berre skremmer borna naboen, men dei skremmer også bilistane. Dei fleste halloween-kostyme er mørke, og utan refleks er det mest uråd å verte sett, seier informasjonssjef Arne Voll i Gjensidige.