Det seier leiar i Noregs Bondelag. Lars Petter Bartnes. På landbrukskonferansen i Ørsta torsdag var Bartnes tydeleg på at både kommunar og fylke og regionar er for slappe i handhevinga av lovverket som skal sikre at landbruksjorda i Noreg vert driven.

Jordvern var hovudtema for landbrukskonferansen i Ørsta. Kvifor, og det er ikkje så rart. Ørsta kommune har vorte peika ut som ei versting, der stadig meir jordbruksareal vert omdisponert eller bygt ned. Og i store delar av landet er opplevinga den same. Stadig meir produktivt jordbruksareal vert lagt brakk eller bygt ned.

Både leiar Bartnes i Noregs bondelag og leiar Merete Furuberg i Noregs bonde- og småbrukarlag var til stades på landbrukskonferansen i Ørsta. Dei var begge uroa over utviklinga.

Furuberg peika på at 22 prosent av det landbruksarealet som er nedbygt sidan 2005 har gått til landbruksføremål, altså driftsbygningar osb. Vidare at ein minst like stor del kjem av at gardsbruk har vorte lagde ned, og ingen har overteke.

– Samstundes som vi veit at ved leige av jord, er det berre to tredelar av den jorda som vert leigd som vert nytta til jordbruksføremål, peika Furuberg på.

Hennar svar er at både buplikta og driveplikta må handhevast strengare. Ho viste til at assisterande direktør Ottar Longva i landbruksavdelinga til Fylkesmannen i Møre og Romsdal i eit tidlegare innlegg påpeikte at kommunar og fylkesmennene har høve til å handheve driveplikta strengt, men at det ikkje skjer.

– Vi ser igjennom fingrane med driveplikta. Ho er sett i spel. Vi må bruke jorda, insisterte Furuberg.

Buplikta er også sentral for henne. Ho meiner at bønder som ikkje bur på gardane sine og ved jorda dei forvaltar, ikkje har same evne til å sjå kva som må gjerast som dei som bur vekke. Ho viste til døme frå Sverige, der frislepp har ført til at stadig fleire eig landbrukseigedommar, men leiger desse vekk til drift.

– Det er gjort granskingar for skog, og det viser seg at utnyttinga av skogressursane er vesentleg høgare hos dei som bur ved skogen, enn dei som eig store skogeigedommar, og som bur i Stockholm, hevda Furuberg.

– Vi har ikkje noko som heiter eigeplikt i Noreg. Men vi har eit forvaltningsansvar. I forvaltninga har vi verkemiddel som kan nyttast, men vi nyttar dei ikkje, sa Furuberg.

Bartnes frå bondelaget har mykje same utgangspunkt som Furuberg, men peikte også på at mykje jordbruksareal vert bygt ned når gode føremål vert sett opp mot kvarandre.

– I Trøndelag skal det no byggjast firefelts motorveg forbi Stjørdal og Steinkjer. Det vil gå med utruleg mykje jordbruksareal. Og det er ikkje naudsynt. Vi veit jo at framtida for biltrafikk vert ein heilt annan enn i dag. I Møre og Romsdal må dei aldri godta firefelts vegar, sa Bartnes.

Kravet til han og bondelaget er at jordvern må setjast endå høgare på dagsorden.

Bartnes meiner lovverket i Noreg med odelslova, buplikta og driveplikta i utgangspunktet er fantastisk.

– Men vi undergrev lovverket, og i fylke som Troms, med utstrekt bruk av leigejord, er vi tilbake til husmannsveldet, sa Bartnes.

Han har studert regjeringsplattforma, og meiner regjeringa no ikkje vil føre ein politikk som er i samsvar med måla Stortinget har sett om å styrkje regjeringa.

– Sorry, dette held ikkje, sa Bartnes.

Mislikar: Leiar Lars Petter Bartnes i Noregs bondelag er kritisk til regjeringa sin politikk for jordvern. Foto: Rune Sæbønes