Rekneskapen for Tussakonsernet i 2016 viser samla driftsinntekter på 890,6 millionar kroner og eit driftsresultat på 197,5 millionar.

– Resultatet er mykje betre enn i 2015, og hovudårsaka er eingongseffektar innanfor forretningsområdet kraftnett og høgare kraftprisar, seier Tussa i ei pressemelding.

Innanfor drifta har Tussa ei auke i omsetninga med 128,7 mill (16,9 prosent) frå 2015 til 2016.

Produksjon

Tussa produserte 681,3 GWh (758,4) elektrisk kraft i 2016. Den gjennomsnittlege spotprisen gjennom året i Tussa sitt område var 26,6 øre/kWh (19,0). Dette gav eit driftsresultat på 75,2 mill (60,8) for kraftproduksjonen og engrosverksemda. Resultat før skatt vart 58,8 mill mot 47,1 i 2015.

Forretningsområdet kraftsal hadde eit driftsresultat på 3,9 mill (3,0), og eit resultat før skatt på 4,0 mill (3,6).

Forretningsområdet installasjon leverer positive resultat trass i at aktiviteten i marknaden har vore lågare i 2016 enn normalt. God ordreinngang gjennom året gav eit driftsresultat på 3,2 mill i 2016 (6,6).

Forretningsområdet IKT hadde omsetningsvekst både på kommunikasjons- og IT-produkt i 2016.

Driftsresultatet vart 9,7 mill (8,1), medan resultatet før skatt vart på 3,2 mill (5,0).

Tussa eig 46,34 prosent av Mørenett AS, og Tussa sin del av Mørenett hadde eit driftsresultat på 114,0 mill i 2016 (33,4). Resultat før skatt vart 107,9 mill (24,1). Årsaka til at resultatet er

vesentleg betre enn for 2015 er eingongseffekt med årsak i nettsamanslåinga mellom Tafjord Kraftnett AS og Tussa Nett AS i 2014, og at den ordinære inntektsramma for 2016 vart større enn normalt.

Utbyte

Utbytet som blir delt ut til eigarane skal vere forsvarleg i høve til det som er berekraftig for

selskapet i eit langsiktig perspektiv. Styret har vedteke å avsetje 24,5 mill. kr til utbyte i 2016, i samsvar med aksjonæravtalen som gir signal om eit utbyte på 60 prosent av gjennomsnittet av dei tre siste årsresultata. Utbytet utgjer 8,080 kroner per aksje.

Tussakonsernet investerte for 191,7 mill kroner i 2016. Dei største investeringane er gjort innanfor fiber og nettanlegg.