I 2005 reiste Øyvind Lied, Jostein Bjørndal, Arild Halse og Tor Heine Rosdahl frå Merkesteinane til Kenya. Der vart det oppretta kontakt med Mathare Youth Sports Association (MYSA), og turen vart dokumentert i dokumentarfilmen «It’s Hard to be an Rock n Roller». Turen gav vidare grobotn til prosjektet Playback som Høgskulen i Volda, Merkesteinane og MYSA stod bak. Hovudmålsettinga med samarbeidet var å utvikle musikkgrupper for funksjonshemma born og unge i Mathare-slummen. Prosjektet vart avslutta i 2012.

– Playback var veldig vellukka, og no er det klart for ein fase to. Vi har gjeve det nye prosjektet arbeidstittelen Mathare dagsenter, seier leiar Øyvind Lied i Merkesteinane.

– Behov for dagsenter

Elizabeth Waithera er utdanna sosialarbeidar og har ansvaret for prosjektet.

– Det er eit behov for eit dagsenter for utviklingshindra. Tidlegare har det vore eit tilbod ein dag i veka, men målet no er at det skal vere ope frå måndag til fredag. Her kan dei få sy, strikke og lage mat til dømes.

Ifølgje Waithera vert det sett på som ei straff å få eit utviklingshindra barn i Kenya.

– Det blir sagt at du har gjort dårlege ting i livet ditt om du får eit utviklingshindra barn, og det er ein tematikk som er tabu.

Søndag samla lokale musikarar og artistar seg i Ørsta kyrkje til støttekonsert for prosjektet.

– Det er flott at kyrkja også kan vere med å bidra, og dette markerer startskotet. No får vi vere med på å løfte opp og fram dei flotte folka i Merkesteinane og i prosjektet, seier kantor Marie Austrheim Riise.

Det har ikkje vore vanskeleg å få lokale artistar til å stille opp for prosjektet. I tillegg til at Merkesteinane spelar vil Mathea Lø (Lødemel) framføre sin siste singel. Janne M.G. Skarstein og Eline Jacobsen Lillestøl vil synge for publikum.

– Vi sett pris på slike initiativ og det er viktig å hjelpe til slik verda har blitt. I tillegg til det musikalske vil Elizabeth informere om prosjektet og planane, seier Lied.

Det er gratis inngang på konserten.