– Sist måndag var vêret så dårleg at eg ikkje tok sjansen på å selje blomster her i Volda. Då er eg redd blomstrane hadde låge flate av regn og vind. Det er første gongen eg har vorte hindra av vêret, sidan eg tok til med gartneri og sal på 1980-talet, fortel Oddvar Årsetøy frå Austefjord.
– Korleis har salet vore i vår då?
– Ein kan ikkje seie at det akkurat har teke av. Både folket og plantene har frose, seier den sindige blomsterseljaren.
Men litt planter har han selt. Det har stort sett gått i stemorsblomster.
Ventar på sola
Ved Felleskjøpet i Ørsta held Heidatun hageplante A/S til. Sommarblomstrane dei sel kjem frå fleire produsentar, medan staudane kjem frå Heidatun staudegartneri på Lauvstad. Her arbeider mellom anna Sissel Liaskar. Ho synest det er ein koseleg arbeidsplass, men Sissel saknar sola. Salet har heller ikkje her vore det beste i vår.
– Vi har ikkje selt like mykje som i fjor, men i dag, 16. mai, har besøket vore litt større. Grunnen er at folk vil pynte på gravene og rundt husa sine før nasjonaldagen, seier ho.
– Kva blomster er det folk vågar å kjøpe i dette kalde vêret?
– Fram til no har det gått mykje stemorsblomster, men i dag har vi selt både margerittar og begonia, fortel Sissel.
Forseinka vår
Hos Tilseth i Furene fortel dei tilsette at alt er forsinka på grunn av dei låge temperaturane.
– Vi har vore forsiktige med inntaket av både sommarblomster og roser, og frukttrea ligg ein månad bak i utvikling i høve det normale, fortel Gerd Nakken.
Gerd forstår at folk kvir seg for å plante ut sommarblomster, fordi dei er redde for at dei skal verte øydelagde. Dessutan er det ikkje så kjekt å vere ute og arbeide i hagen når det er så kaldt.
– Kva blomster rår de folk til å handle?
– I tillegg til stemorsblomster, er petunia ein plante som tåler litt. Men dersom folk tek planter inn om natta, eller inntil ein vegg, er det fleire som kan greie seg, seier Gerd som ikkje kan hugse at det har vore så lange kuldeperiodar så seint på våren nokon gong.
Ikkje omsnakkande
På Tilseth var det ein del folk 16. mai. Liv og Eldar Folkestad var to av desse.
– Eg handlar blomster til gravene og fordi eg vil pynte litt på trappa mi, seier Liv.
– Kva synest du om vårvêret?
– Nei, det er ikkje omsnakkande, kjem det raskt frå Liv.