Det var eit litt spesielt besøk på Rekkedal gjestehuslaurdag føremiddag. Då kom Julia & Boris og åttii andre russiske gjestertil tunet.

Boris & Julia er nygifte. Dei gifta seg heime iRussland, men bryllaupsfesten vert halden på Sunnmøre denne helga.

- Vakkert

- Det erfordi det er så vakkert her. Turen inn Hjørundfjorden med båt i dag vareineståande, fortel Boris.

Det er eigentleg litt hemmeleghald rundt bryllaupsfesten, oggjestene vil ikkje seie for mykje. Fredag kveld kom følgjet til Ålesund, og påprogrammet denne helga står båttur på Borgundfjorden, båttur inn Hjørundfjordenog lunsj på  Rekkedal gjestehus, bryllaupsfestpå Atlanterhavsparken og lunsj på Fjellstua i Ålesund.

Millionbudsjett

Det er 62 grader nord som har vorte bedne om å lage tilopplegget, og i følgje Sunnmørsposten byrja budsjettet til bryllaupsfesten påein og ein halv millionar kroner. Det skal ikkje vere spart på noko.

- Vi fekk tinginga allereie for eit år sidan, fortel BjarneRekkedal. Han og kona Margrethe og dei andre på gjestehuset stod på laurdagføremiddag for å ta i mot dei åtti gjestene. Det var velkomstdrink, og Bjarneorienterte om tunet på Rekkedal - før gjestene kunne vandre rundt nokre minutt førsjølve lunsjen. Til lunsj vart det servert laks.

Lokale bussjåførar

Etterpå vart gjestene frakta frå Rekkedalgjestehus til Sæbø med to bussar. Sjåførane var Jostein Kvistad og BjørnHustad. Frå Sæbø gjekk turen ut fjorden igjen med 62 grader nord sin båt.

Stemninga verka å veregod.

Brudeparet Julia & Boris. Foto: Rune Sæbønes
Bjarne Rekkedal og vertskapet serverte rosevin til velkomstdrink. Foto: Rune Sæbønes