Eit bufellesskap vil seie at pensjonærane som bur der ikkje får plass gjennom institusjonsvedtak, men vert tilbodne om bustad i eit bufellesskap, og det vil verte gjort vedtak om heimetenester etter brukaren sitt eige behov. Dei som bu i bufellesskapet kan kjøpe måltid ved institusjonskjøkkenet.

Rådmannen viser til at kommunestyret har vedteke å slå dei tre aldersinstitusjonane i kommunen saman til ein. Eit av føremåla er å sjå om ein kan få til ei funksjonsdeling og ei spesialisering mellom dei ymse avdelingane. Vidare var eit av tiltaka å vurdere om ein kunne redusere sjukeheimsdrifta ved Vartdal Helsetun, og i staden få til eit bufellesskap gjennom ei bruksendring av den eldste fløya.

21 sjukeheimsplassar i dag

I dag er fjorten sjukeheimsplassar i nybygget ved Vartdal helsetun. I vestfløya, den eldste delen, er det sju sjukeheimsplassar. Vidare er to plassar nytta til ekstratiltak, og fire plassar er ikkje nytta. I alt er det 27 plassar ved institusjonen.

– Vartdalsregionen har dei siste åra opplevd ein stor auke i behovet for heimetenester. Regionen er ein av dei som opplever auke i talet på eldre tidleg. Dei største utfordringane for drifta av heimesjukepleien er at det er store geografiske avstandar der tenesta skal dekkje. Det fører til stor køyrelengd per vakt, og mangel på tilrettelagde bustader. Det er heller ikkje knytt nattevakt til heimebasert omsorg, opplyser rådmannen i saksutgreiinga.

På heime Vartdalsstranda er det per i dag fire omsorgsbustader, og dei er lokaliserte i underetasjen på Vartdal helsetun. Desse har heller ikkje døgnbemanning.

Omorganisering

Då er det at administrasjonen ser føre seg ei omorganisering.

– Eit bufellesskap vil kunne gje eit meir tilpassa tilbod til brukarar som ikkje har ei omfattande behandling eller pleiebehov, men likevel har behov for større grad av tilsyn, faste rammer og tilrettelegging til dømes av måltid enn det dei kan oppnå i eigen heim, seier rådmannen.

Vidare vert det peika på at eit slikt fellesskap også kan vere eit godt tilbod for til dømes brukarar frå korttidsavdelinga ve Ørstaheimen som ikkje lenger treng så omfattande oppfølging, men til dømes ei lenger rehabiliteringsperiode før dei kan reise heim til eigen bustad.

Planen vert å starte omlegginga av drifta med å gje nye søkjarar tilbod om bustad i bufellesskapet. Brukarar med vedtak om og behov for langtidsplass i institusjon vert overført til den nye delen med sjukeheimsdrift ved ledige plassar.

Styrke heimebasert omsorg

– Ein vil då ha fire tome bustader som kan nyttast umiddelbart etter vedtak, og slik få etablert det nye tilbodet, kommenterer rådmannen.

Ho poengterer at ein også får starta den ynskte styrkinga av heimebasert omsorg, og på sikt kan ein drifte tretten hyblar i bufellesskapet ved Vartdal helsetun.

Talet på sjukeheimsplassar vil verte redusert frå tjueein til fjorten.

– Men ein oppnår ei ynskt dreiing av drifta over til heimetenestene slik at ein kan gje eit godt og tilpassa tilbod til brukarane i eigen bustad, kommenterer rådmannen.