Då butikkeigar Hilde Øvrebotten opna dørene på den nye Uno-butikken sin torsdag, var det mange som uttrykte at dei sette pris på denne nye butikken.
Ei av dei var Iris Håskjold som fann fleire plagg ho ville kjøpe i butikken.
– Kva synest du om at Ørsta har fått ein Uno-butikk?
– Eg er kjempeglad for at vi har fått ein slik butikk her i bygda. Sidan vi har slekt i Danmark og har vore der mykje på fotballcupar, kjenner eg dette danske klesmerket godt frå før.
– Kva likar du med det?
– Eg synest både modellane og fargane er fine, seier Iris.
Blomsterhelsingar
På opningsdagen var Hilde i butikken sin saman med Lene Slettebakk som skal arbeide hos henne. Det var ganske mykje folk innom, så damene hadde nok å gjere. Det strøyma også på med blomster frå naboar, venner og frå banken.
Det som er litt spesielt er at Uno-butikken for tida er den einaste i sitt slag i Møre og Romsdal. I tillegg til klede sel dei både smykke, vesker og litt sko.
Alle kleda er i naturmateriale som lin, bomull, ull og viskose.
– Uno butikkane er kjende for å vere butikkar med mange gode basisplagg, seier Hilde som syntest det var stas å starte ny butikk.