Møre og Romsdal Arbeidarparti (Ap) sin sin andrekandidat til Stortinget, Fredric Holen Bjørdal, gjekk i strupen på dei blå under 1. mai-talen i Ørsta.

Med Ap-slagordet "Vi tek Noreg vidare", hudfletta Bjørdal Høgre og Framstegspartiet (Frp) sin politikk, og åtvara sterkt mot konsekvensene dersom det skulle verte regjeringsskifte. Som kjent viser meiningsmålingane no fleirtal for ei regjering av Høgre og Frp, som er villige til å regjere saman.

- Ei regjering av Høgre og Frp ville neppe utnytta handlingsrommet i EØS-avtalen til å forsvare dei grunnleggjande køyrereglane i norsk arbeidsliv. Ei regjering av Høgre og Frp ville neppe jobba særleg for verken bistand, rettferdig fordeling eller den globale kampen for kvinner sine rettar, hevda Bjørdal.

Han heldt fram:

- Ei regjering med Høgre og Frp vil ta bort fedrekvota, og dei bryr seg lite om billige barnehageplassar. Til og med sigrar vi trudde var vunne for godt står i fare når Høgre-leiinga ope seier at dei vil innskreinke abortlova.

Skule

Likestilling, finanskrisa, skule og internasjonal solidaritet var sentrale stikkord for talen på Ørsta kulturhus. Bjørdal kommenterte finanskrisa i Sverige, og Ap-kandidaten meinte dei styrande der, dei blå,  gjorde noko skikkelig gale for å møte denne krisa, og at det vart valt den løysinga som Frp og Høgre vil ha i Noreg.

- I Sverige møtte dei finanskrisa med store skattekutt. Det gjorde dei rike rikare. Men det førte ikkje til fleire arbeidsplassar. Med krisa som ei unnskyldning har Høgre-regjeringa i Sverige kutta i sjukeløna, dei har svekt stønadsordningane for arbeidsledige - og dei har privatisert skule og omsorg. I vårt naboland ligg ungdom vakne og lurer på om livet har meir å by dei. Og om dei nokon gong vil kunne gjere nytte av  evnene og innsatsviljen.  Vi må for ein kvar pris unngå å kome dit i Noreg, sa Bjørdal.

Så gjekk han over til skulepolitikken som er ei hovudsak for Arbeidarpartiet. Bjørdal hevda at Høgre og Frp er mest opptekne av å sleppe til private konsern i skulepolitikken.

- Høgre er meir opptekne av nasjonale prøver som ein måte å rangere vinnarar og taparar, enn som eit verkty for å betre skulen. Det mest offensive vi har høyrt frå Høgre så langt, er at dei vil kutte ut skulefrukta. Er det skulepolitikk? Nei, det er tidenes råtnaste epleslang.

Kursendring

Stortingskandidaten åtvara igjen sterkt mot ei kursending i politikken der dei blå kjem til makta.

-Vi står overfor eit historisk retningsval der mykje står på spel. Valet vil handle om trygg økonomisk styring, eller usikkerheit for norsk økonomi. Det vil handle om eit rettferdig Noreg der alle bidreg, eller meir til dei som har mest frå før. Valet vil handle om ein god skule for alle, eller privatisering av skulen. Valet vil handle om ein politikk for eit ryddig arbeidsliv, eller svekka stillingsvern og midlertidige tilsetjingar,  internasjonal solidaritet, eller kutt i bistanden til verdas fattige.

Stortingskandidat Bjørdal hevda også at valet vil handle om kor vidt ein skal ha ei regjering som tek klimatrugselen på alvor.

- Eller om det vert ei regjering som ikkje ein gong klarer å verte samde med seg sjølve om det i det heile tatt finst eit menneskeskapt klimaproblem.

Kaldt

1. Mai i Ørsta var den kaldeste på mange år. Markeringa var tradisjonell, bortsett frå minnemarkeringa i Laguneparken etter 22.juli-tragedien. Dagen starta med tog gjennom gatene. På Ørsta kulturhus var oppmøtet bra.

I tillegg til appell og tale, underheldt Sigve Strand med gitar og song. Han viste at han er eit musikalsk talent og mange vart imponerte over den unge karen.