Skredet som sperra E39 er 50 meter breitt og fem meter høgt. Både E39 ved Skredestranda og riksveg 15 mellom Eid og Stryn er stengde. Ifølgje politiet vil vegen vere stengd fram til måndag grunna skredfaren i området. Politiet opplyser også at det ingen ting som tyder på at bilar er tekne av skredet.

Det har blitt søkt med hundar i skredet frå Norske Redningshundar. Skredgruppa frå Ørsta og Volda var på plass i tillegg til mannskap frå Røde Kors Hjelpekorps frå både Volda og Ørsta.

- Det var ein nyttig aksjon for oss, seier Børulf Lefdal i Ørsta Røde Kors Hjelpekorps.

Anbefalt omkøyring er fylkesveg 60 mellom Byrkjelo og Stryn, eller fylkesveg 651 gjennom Stigedalen.