Eg lærte å nålefilte i husflidslaget ein gong, og me laga ting der slik som her. Eg kan lage presangar, eller noko til meg sjølv. Eg prøver å lage favorittdyret mitt, som er lemur, men det dyret er det så vanskeleg å få til!

Det er femte året at det er husflidskurs i sommarferien for born på Brudavolltunet. Kurset varer i tre dagar, og er ein dugnad mellom Ørsta Husflidslag, Ørsta Bygdemuseumslag og Stiftinga Sunnmøre Museum.

Framsnakking

– Interessa for kurset er god og aukande, og i år som før om åra er 30 born i alderen åtte til tolv år med, fortel Solveig Grimstad, leiar i Ørsta Husflidslag.

– Eg trur at interessa for kurset mellom anna er framsnakka av tidlegare kursdeltakarar som har likt seg her.

Nokre av borna er medlemmer i «Ung Husflid», som er barnelaget til husflidslaget.

– Me har nokre samlingar i året for dei, der dei får lage ting sjølve. Målet er å vekke interessa deira for husflid slik at dei lærer seg ulike teknikkar og praktiserer desse til dei kan dei. For mange vert det ein kjær hobby som gir dei glede. For nokre kan det verte eit levebrød seinare.

– Det er viktig å sikre at kunnskapen om gamalt handarbeid vert ført vidare til nye generasjonar. Og med å syne dei teknikkar og gje dei materialkunnskap, er me med på å verkeleggjere eitt av oppdraga til Norges Husflidslag, nemleg å føre vidare handverkstradisjonar gjennom handlingsboren kunnskap.

Filt: Systrene Line, Thea og Emma Håskjold, Ingrid Myhre Glimsdal og Andrine Falch med kunstverka sine.

Tidkrevjande arbeid

– Skulen har tradisjonelt vore ein viktig stad for formidling av handverksteknikkar som til dømes strikking, snikring og sying. Men dette er tidkrevjande handverk som det er vanskeleg å få nok plass til innanfor dei tidsrammene kunstfaget har i dagens skule. På fjerde trinnet, der eg underviser, har me berre ein og ein halv time i veka til faget. Eg synest det er viktig at borna lærer å vere nøyaktige, at arbeidet tek tid, og då er det klart at ein fort kjem til kort med berre 90 minuttar i veka.

– Desse tre dagane på Brudavolltunet og Ung Husflid kan vere eit fint tillegg til det som vert gjort i skulen, og her er fleire vaksne som kan formidle teknikkane til borna. Me lærer dei plantefarging av garn, ullfilting, snikring av fuglekasser, å lage hoppetau av gamle filler slik ein laga tau i gamle dagar, og me har veving.

Plantefarging: – Spanande å sjå korleis fargen blir, seier Jo-Martin Myking Barstad. Denne tråden er farga med blad frå bjørketre.

Gode opplevingar

Jørgen Rishaug Folkestad (9 år), har vove før.

– Det er så kjekt å sleppe laus fantasien. Ein kan lage nesten kva ein vil som ein kan pynte med inne.

– Det er så gøy å jobbe med hendene, lage noko med nål og tråd, seier Elias Åkre Grimstad (8).

– Det blir fint nesten uansett, legg kameraten Henrik Prestegarden Vatne (9) til.

Dei tre kameratane er heilt samde om at det er spesielt koseleg å vere på den gamle garden på Brudavollen.

– Me får så gode opplevingar, får vere saman med vener, og får verte kjende med nye. Me får lære så mykje slikt som er viktig for å kome vidare i livet. Eg trur i alle fall at eg kjem til å få bruk for det, seier Jørgen.

Av Arne Ola Grimstad får alle 30 borna lære å lage fuglekasser som dei får med seg heim.

– Og hugs at når du brukar hammar og spikar, så heiter det ikkje å hamre, men å spikre. Og her får du ikkje seie «den greia der», men bruke reiskapen eller tingen sitt rette namn som spikar, skrue, bor eller drill, presiserer Arne Ola.

Fagterminologien må lærast! Og så får dei unge husflidsinteresserte ei innføring om fuglar og fuglenaturen langsmed. For ein må då kjenne kva behov fuglane har når ein skal bygge hus til dei.

God mat: Wenche Hovdenakk og Else Aambakk lagar mat til Vårin og dei andre borna.

Gull

– Me kunne ikkje ha halde desse sommarkursa om det ikkje var for Brudavolltunet og samarbeidet med Ørsta Bygdemuseumslag og stiftinga Sunnmøre Museum, seier Solveig Grimstad.

– Borna får varm lunsj kvar dag, dekt av deltakaravgifta, og maten er laga og vert servert av medlemmer i husflidslaget og bygdemuseumslaget. Pausefrukt, sjokomjølk og juice er sponsa av Tine og Bunnpris.

– Det er gull å få til aktivitetar med handlingsboren kunnskap for så mange born ved eit museum, seier Cecilie Rørstad, tilsett ved Sunnmøre Museum.

Og for Ørsta Museumslag er det flott å oppleve liv og røre på Brudavolltunet.

– Det er spesielt kjekt at det gamle tunet vert brukt. Det er slik me vil ha det her. Born og unge skal verte kjende med museet, kjenne seg heime her, seier Edel Vatne Roald, leiar i Ørsta Bygdemuseumslag.

Fuglekasse: Julie Garshol, Tiril Lingås Melle og Ingrid Myhre Glimsdal i full konsentrasjon.
Veving: – Det blir fint nesten uansett, seier Henrik Prestegarden Vatne, Elias Åkre Grimstad og Jørgen Rishaug Folkestad, og viser stolt fram vevane sine.
Supert hoppetau av filler: Marit Hovland er hoppande glad.
Graut: – Dei lagar god graut her, synest Mari Fonesca.
Fargerikt: Nålefilta fabeldyr laga av ivrige barnehender.