Kontrollutvalet i Volda har gått gjennom den pedagogisk-psykologiske tenesta (PPT). Konklusjonen er nedslåande, på same måte som då Kontrollutvlet i Ørsta gjorde ein tilsvarande gjennomgang av den fells PP-tenesta for Ørsta-Volda.

«PPT har siste åra i liten grad gjennomført førebyggjande og systematisk arbeid i skulane og barnehagane», står det i rapporten frå Volda.

For individuelle saker har det vore ei ventetid på 6-7 månader, og ei sakshandsamingstid på langt over tre månader.

Sjokkerte politikarar

–Den lange ventetida er sjokkerande. Det er urovekkjande å vite at mange barn ikkje har fått hjelp, sa Åshild Vik (SV) då kommunestyret i Volda vart orienterte om saka torsdag.

Andre brukte liknande ord.

–Rapporten var rystande lesing, og det er på høg tid at det vert tatt grep, sa Sindre Kvangardsnes (Frp)

Omorganisering

Spørsmålet er om kritikken berre har historisk interesse, sidan det er gjennomført ei omfattande omorganisering.

Frå august vart PP-tenesta i Ørsta og Volda slått saman med Ulstein og Hareid.

–Endringar tar tid, men vi skal bli best i landet på kompetanseheving og organisasjonsutvikling, og det skal ikkje vere ventelister, sa leiaren for nye PPT, Ingrid Evebø Haug.

Ho var invitert til kommunestyret for å fortelje korleis dei no jobbar. Ho fortalde at PP-tenesta i større grad skal rette seg mot systemarbeid, heller enn individretta arbeid. Det betyr mindre kartlegging og tiltak direkte mot enkelte elevar eller barnehageungar.

–Det gir mest effekt å jobbe mot heile skulen eller barnehagen, sa ho, og varsla mellom anna eit opplegg for å forebyggje mobbing.

Stolar på endring

Volda-politikarane såg ut til å slå seg til ro med lovnadane om at det er endringar på gong.

– Rapporten som er lagt fram er ein rapport om den PP-tenesta vi har hatt, ikkje den vi har fått. Men rapporten er nyttig fordi den viser kva som må gjerast, sa Arild Iversen (KrF).

Leiaren i kontrollkomiteen i Volda , Ronald Hagen, kjenner seg også roa.

– Eg håper og ventar at dei vil rydde opp, og etter det vi høyrde i kommunestyret så ser det lovande ut. Omstilling tar tid, men det er klart at det må bli mykje betre enn det har vore, seier Ronald Hagen.

–Vi greier ikkje nok ikkje å ta att alt det tapte med det første, men vi er godt i gang, seier PPT-leiar Ingrid Evebø Haug.

Ingrid Evebø Haug, leiar for PP-tenesta i Ulstein, Hareid, Ørsta, Volda Foto: Svein Aam