I fjor omsette denne butikken for 5,9 millionar kroner, ein liten nedgang i høve 2016. No oppmodar adm.dir Geir Espe i Coop Vest om at bygdefolk brukar denne nærbutikken meir.

– Omsetninga for butikken er litt for låg for at butikken har god drift. Sjølve standarden på butikken er bra, men han har i litt for stor grad vorte ein suppleringsbutikk i ei tid med korte avstandar til regionsentra. Det er også vanskeleg å få gjennomgangstrafikken på E39 til å stoppe ved butikken, konstaterer Espe.

Nokon umiddelbar fare er det ikkje for nedlegging av butikken som har slite med svake tal andre år.

2012 var eit kriseår for butikken. Då vart det etablert ei arbeidsgruppe blant innbyggjarane som skulle ha ansvaret for å redde matvareforretninga. Fire månader seinare auka omsetninga så mykje at Coop bestemte seg for å satse på butkken og pusse han opp.

No kan det sjå ut som at det må til ei ny mobilisering.

– Omsetninga bør opp. No skal vi summere og ta ei vurdering i samråd med eigarane, seier Geir Espe.