- Er kravet til ei eiga smittevakt ved ein kortbaneflyplass med berre innanriks flygingar, slik som i Ørsta, godt nok gjennomtenkt?

Det spør kommuneoverlege for Ørsta og Volda, Arne Gotteberg, om i eit brev til Helsedirektoratet.

Spørsmålet kjem etter at statsminister Erna Solberg sa til NRK at alle norske kommunar med eigen flyplass skal ha ei eiga smittevakt som kan rykke ut til flyplassen dersom det kjem folk med Ebola-smitte.

Gotteberg lurer på kvifor alle flyplassar vert vurdert likt.

- Eg tenkjer at smitte vil kome inn til landet gjennom internasjonal reising, primært til dei store flyplassane, og at det er dei som vil trenge eit slikt tilbod.

Buss eller tog

Vidare ser han på sjansane for at ein eventuell Ebola-smitta person vil ta fly vidare ut i distrikta som minimal.

- Sjansane er vesentleg større, ut frå busettingsmønster og innbyggjarkonsentrasjonar, for at fleirtalet av dei reisande (og potensielt smitta) tek toget eller bussen til ein stasjon i austlandsområdet enn til ein perifer distriktsflyplass.

Han spør om det ikkje ville vere betre å etablere ei nasjonal smittevernvakt med adekvat bemanning og alt nødvendig og kostbart utstyr, som kan flygast ut til aktuelle flyplassar og bistå den lokale smittevernberedskapen ved behov.

- Dette er spesialistarbeid og vert heilt sikkert både fagleg betre og truleg også rimelegare enn om kvar flyplass skal ha eiga smittevernvakt, kommenterer Gotteberg.