Anlegget vart øydelagt av orkanen Dagmar. No er fiskebryggene reparerte av kommunen med støtte frå både Ørsta Lions og handikaplaget.

– Utan Svein Silseth hadde vi ikkje fått realisert dette prosjektet, rosar Harald Olsvik.

Initiativ

Det er ein del år sidan handikaplaget tok initiativ til å få etablert ein asfaltert handikapstig med to fiskebrygger, eit prosjekt i samråd med Ørsta kommune. Prosjektet var eit spleiselag mellom handikaplaget, kommunen og Ørsta Lions.

Turstigen er universelt utforma i ei lengd på 240 meter, og i anlegget finn ein også møteplassar og benker. Området er svært populært, og folk i alle aldrar er brukarar at dette flotte rekreasjonsområdet som Dagmar gav kraftig juling. Den eine fiskebrygga vart då kraftig øydelagt medan den andre fekk litt skade. I vår starta arbeidet med å reparere skadane, og no står fram den mest øydelagde brygga på ein langt meir solid måte.

Stål

– No er det brukt stålkonstruksjonar, og brygga skal tole ein ny Dagmar og vel så det, seier teknisk sjef Svein Silseth i kommunen.

Reparasjonen kostar kring 200.000 kroner. Lions betalar 25.000 kroner av dette og handikaplaget skyt inn 10.000. Kommunen sitt bidrag kjem frå skjønsmidlar frå fylket etter Dagmar.

– No står det att å utbetre gangstigen nokre plassar, slik at to rullestolar kan passere kvarandre. Dette arbeidet vert gjort til våren, fortel Silseth.

Gapahuk

Harald Olsvik i handikaplaget har også eit ønske om at det vert bygt ein gapahuk i området.

– Det hadde vore med og berika dette området. Eg vonar vi får med kommunen på dette også, seier Olsvik.

– Eg foreslår at de sender ein førespurnad til kommunen om dette, og deretter kan vi ta eit møte saman, seier Silseth.

President Jan Erik Fremmerlid i Ørsta Lions er tilfreds med at laget har støtta turstiganlegget på Rjåneset.

– Det er slike positive tiltak vi gjerne støttar, seier han.