Like før klokka 18 kolliderte to personarbilar på E39 i Volda sentrum like ved Bjørdal trevarefabrikk.

- Begge bilførarane vart frakta til legekontoret for sjekk, og dei skal vere uskadd eller svært lettskadd. Det vart trafikkdirigering på staden, men vegen er opna igjen no og bilane fjerna, seier operasjonsleiar Borge Amdam i Sunnmøre politidistrikt til Møre-Nytt.

Det er ikkje kjent kva årsaka til ulykka var.