Når desember går over i januar er det også tid for innføringa av eigedomsskatt for alle private eigedomar i Ørsta. Erling Brekke frå eigedomsskattkontoret seier at det førebels er ukjent kva inntekter kommunen vil få av skatten.

– Det meste er basert på skjøn. Vi har ei viss oversikt over eigedomane sjølvsagt, men kor mykje inntekter det kan verte er veldig vanskeleg å seie, fortel han, og legg til at Stryn kommune bomma med 50 prosent på inntekta for næringseigedomar.

Frp fremja forslag om at promillesatsen skulle vere på 2.0 og ikkje 2,6, men vart nedstemt.

Ønskjer botnfrådrag

Kommunen har budsjettert med 10 millionar netto i inntekter frå eigedomsskatten for neste års budsjett, basert på eit estimat frå Eskan.

Hans Olav Myklebust (Frp) fremja eit forslag frå Framstegspartiet og Senterpartiet om innføring av botnfrådrag for dei med låg inntekt.

– Vi må prøve å ha ein sosial profil i dette med eigedomsskatt. Dei med god råd kan klare det, men vi må ta vare på dei med låg betalingsevne. Det vert meir byråkrati, men det er viktig for dei det gjeld, sa han.

Petter Bjørdal (Ap) meiner å registrere at Myklebust med dette er for eigedomsskatten.

– Det du seier er at du er for eigedomsskatten, men med unntak av enkelte punkt. Det er interessant og jammen på tide, sa Bjørdal.

Myklebust på si side seier at han rettar seg etter det fleirtalet har sagt.

– Når kommunestyret har sagt ja til dette så er vår oppgåve å prøve å få belastninga så låg som muleg for utsette grupper.

Nedstemt

I saksutgreiinga rår rådmannen frå å innføre botnfrådrag i kommunen grunna den store arbeidsmengda dette vil gi til administrasjonen. Erling Brekke seier også at summane vil vere minimale for dei det gjeld.

– 100.000 i botnfrådrag vil utgjer om lag 200 kroner per eigedom, men vil føre til 1 million kroner mindre i inntekter til kommunen.

Ved avstemming var det berre dei tre representantane frå Frp og Sp som stemte for forslaget om å greie ut om botnfrådrag.

Forsamlingshus

Frp og Sp kom også med fellesframlegg om å frita forsamlingshus frå eigedomsskatten, og ville ha med eit eige punkt om dette i vedtaket. Heller ikkje dette var fleirtalet i formannskapet med på. Petter Bjørdal meiner det er betre måtar å gjere det på.

– Det er ikkje nokon som er i mot at forsamlingshusa skal få fritak, men det handlar om korleis vi skal løyse det. Å frita alle kan fort låse oss i saker der det er tvil. Korleis skal vi definere eit forsamlingshus?

Formannskapet stemte for at kvar enkelt som ønskjer fritak frå skatten må søke kommunen om dette innan 15. januar.

Kommunestyret skal handsame saka 19. desember.