Vêrmålingane til Stokke stadfester at 2013 så langt har vore eit tørt år. Mange finevêrsdagar har ein fått oppleve på Søre Sunnmøre så langt i år, og med fleire kuldeperiodar har også vêret vore stabilt.

– Fram til og med april har det kome 526 mm med nedbør. I same i periode i 2012 kom det 994 mm, og skilnaden frå i år til fjor er altså 468 mm mindre nedbør. 2013 har vore veldig tørt så langt, seier Stokke.

Kuldeperiode i januar

Etter ein litt våt start på 2013 stabiliserte vêret seg, og vi fekk ein lang kuldeperiode i januar.

– I januar kom det 138,5 mm med nedbør, og normalen er 205 mm. Makstemperaturen var 8,5 grader den 3. januar, og minimumstemperaturen var minus 11,8 grader 23. januar. Snittemperaturen låg på minus 3,2 grader, og dette er 2,4 grader under normalen. Det kom sludd og snø natt til 1. januar, men 4. januar var snøen bråna vekk. Ein ny kuldeperiode starta den 5. januar og varte til 25. januar. Der etter kom det litt mildvêr før det tok til å snø igjen, men på det meste låg det berre fem centimeter med snø på bakken i januar hos meg, seier Stokke.

Snøen kom i februar

Først i februar kom det litt snømengder, men totalt sett var også denne månaden tørr.

– Totalt kom det 126 mm med nedbør, og normalen er 169 mm. Makstemperaturen var 8,3 grader den 26. februar, og minimumstemperaturen var minus 11,9 grader den 10. februar. Snittemperaturen var minus 1,8 grader, og dette er 0,4 under normalen. 2. februar låg det 38 cm med snø, og det var kaldt og fint i vêret fram til 15. februar.

Tørr mars

Som både januar og februar vart mars ein tørrare og kaldare månad enn normalt.

– 105 mm med nedbør kom i mars, og normalen er 176 mm. Makstemperaturen vart målt 17. mars på 9,8 grader, og minimumstemperaturen var minus 12,3 grader den 13. mars. Snittemperaturen var minus 2,5 grader, og dette er 3,5 grader under normalen. Den fjortande mars låg det også 55 cm med snø, seier Stokke.

Våtare april

Den einaste månaden så langt i år som har gjeve meir nedbør enn normalt er april.

– Normalen i april er 124 mm, og i år kom det 157 mm. Makstemperaturen var 13,8 grader den 16. april, og minimumstemperaturen var minus 6,2 grader den 11. april. Snittemperaturen var 3,4 grader, og dette er 1 grad under normalen. Den 7. april vart det målt 35 cm med snø, og det var den største snømengda denne månaden.

Snøkaos

I 2012 vart det snøkaos i Hovdebakken den 28. april, og det same skjedde nesten på dagen eitt år seinare. 30. april kom snøen igjen, men i år skapte han ikkje dei same problema som i fjor.