Sivilarkitekt Hans Petter Brenk Rønning frå Ørsta meiner at toslusa flytebruer kan vere framtida sin måte å drive ferjefri fjordkryssing på.

– Ved å byggje ei bru med to sluser kan trafikken gå kontinuerleg sjølv når båtar passerer. I område med mykje trafikk er det ikkje muleg å velje ei bruløysing som fører til lange venteperiodar, seier ørstingen Hans Petter Brenk Rønning til Teknisk Ukeblad.

Tysdag skrev Teknisk Ukeblad om LMG Marin som ønskjer å bygge flytebru i samband med Ferjefri E39. Forslaget gjekk ut på å byggje bru med skipssluse midtfjords.

– Ideen med slusebru er god, men dersom ein ønskjer å bruke ideen i område med mykje skipstrafikk, bør den utviklast vidare, seier Brenk Rønning.

Toslusa flytebru

Rønning, som tidlegare har vore med å designe fleire bruer, blant anna Akrobaten i Bjørvika, foreslår difor å byggje flytebruer med to sluser.

Ifølgje Rønning er prinsippet enkelt.

– Når den første porten opnar seg for skip, blir biltrafikken dirigert over på den vegen med lukka sluse. Når slushen er lukka bak skipet og det skal ut igjen på andre sida, vert trafikken dirigert tilbake, forklarar han.

Ideen er så langt berre på skissestadiet, så Rønning har ikkje alle detaljar på plass. Men han meiner trafikkdirigeringa ikkje treng å skje på noen komplisert måte.

– Det kan skje ved noko så enkelt som trafikklys, foreslår han.

Kan unngå hengebruer

Ved å byggje bruer som kombinerer bil- og båttrafikk utan hinder, meiner Rønning det er muleg å unngå høge hengebruer som Hardangerbrua.

– Flytande konstruksjonar som vert bygt horisontalt er mykje meir stabile en konstruksjonar som vert bygt i høgda som hengebruer. Ved å leggje inn ein ekstra sluse for å unngå mykje ventetid kvar gong båtar passerer, kan ein slutte å byggje desse «monsterbruene», seier Rønning.

Ferjefri

Prosjektleiar for Ferjefri E39, Olav Ellevset, seier Rønning sitt framlegg er interessant.

– Det er flott at så mange engasjerer seg rundt flytande bruløysingar. Det går ikkje fram kva for eit farvatn og skipsstorleikar det nye forslaget frå Rønning har sett føre seg. Det er likevel ein innovativ tanke, og er sikkert muleg, seier han.

Ellevset seier val av bruløysing truleg vil avhenge veldig på de ulike strekningane langs E39. Men han ser ikkje bort frå at ei toslusa løysing kan vere muleg på enkelte strekningar.

– Alt vil vere avhengig av dei største fartya som går i farvatnet, seier han.

Ellevset forklarer at løysinga kan vere krevjande for større fartøy.

– Med sitt behov for styrefart, samt påverknad av strøm og vind, vil store fartøy kunne liggje monaleg utanfor planlagt eller teoretisk kurs. Farty med slep vi også ha vesentleg dårlegare føresetnader, med både dårlegare fart og nedsett manøvreringsevne. Alt i alt vil dette ha stor betydning for avstanden mellom dei parallelle bruene, breidda på slusene, korleis kollisjonslaster skal handterast, og forankringssystema til botnen, seier han.