Med på feiringa fem dagar til ende er mellom andre Aasmund Nordstoga, Rut Tellefsen, Berit Opheim, Edvard Hoem og Maria Parr. Representantar for dei politiske partia kjem og snakkar om verdien av nynorsk.

– Vi vil vise kor allsidig Ivar Aasen var, kor respektert og omstridd han var, og kva han har hatt å seie, fortel direktør Ottar Grepstad.

– Språkåret 2013 er ei politisk feiring av det språklege mangfaldet og legg vekt på framtida. Hovudpersonen dette året er og blir Ivar Aasen, og det pregar dette jubileumsprogrammet, seier Grepstad.

Folkefest og politikarar

På 200-årsdagen blir det på same klokkeslett lagt ned blomar ved Aasen-statuen i Ørsta og på grava hans på Vår Frelsers gravlund i Oslo. Det blir også lagt blomar på grava til Sivert Aarflot i Volda. – Med sitt bibliotek og trykkjeri var han ein av dei viktigaste føresetnadene for Ivar Aasen, seier Grepstad.

Seinare same dagen kransar representantar for dei politiske partia bautaen i Ivar Aasen-tunet. Dei får også høve til å seie sitt om «Verdien av nynorsk». – Den dagen er Noreg på veg inn i valkampen, men 200-årsdagen ønskjer vi å heidre Ivar Aasen ved å løfte nynorsk ut av den dagsaktuelle striden, seier Grepstad.

Slektstreff og konsertar

Ivar Aasen hadde ingen born, men mange søsken, og på desse 200 åra er den slekta blitt svært stor. Søndag 4. august møtest dei til ope tun i Aasen-tunet med eige program. – I 1898 etablerte Aasen-familien eit Ivar Aasen-museum, og Aasen-slekta har i alle år vore framifrå naboar. 200-årsjubileet gir oss høve til på takke, seier Ottar Grepstad.

Rut Tellefsen har laga framsyninga «Kven skal lære han Ivar å lesa» og viser denne i Aasen-tunet både laurdag og søndag. A.O. Vinje var den andre store nynorskbrukaren på Ivar Aasens tid, og Aasmund Nordstoga har i år gjort stor lykke med Vinje-songane på plata «Guten». Søndag kveld 4. august blir det konsert med fullt band i uteamfiet.

Spesialomvisingar og foredragsrekkje

Kvar dag blir det spesialomvisingar i den fornya basisutstillinga i Aasen-tunet. Der viser dagleg leiar Gaute Øvereng og dokumentajsonsleiar Anders Aanes gjenstandar som publikum ikkje får sjå til vanleg. Tunkatten Lurivar har pussa pelsen og inviterer store og små til jubileumsprogram. På 200-årsdagen kan publikum sjølve dikte nye ord med 76 store klossar som inneheld mange av orda frå songen «Mellom bakkar og berg». Det blir også daglege markeringar på nettstadene og i sosiale medium.

Den fem dagar lange feiringa opnar med at Det Norske Samlaget lanserer biografien «Historia om Ivar Aasen», skriven av Ottar Grepstad. Jubileumsdagane held Edvard Hoem foredrag om songdiktarane Bjørnstjerne Bjørnson og Ivar Aasen, Jostein O. Mo fortel om Aasen på bilete, og Torbjørn Urke tek publikum med inn i den store plantesamlinga til Aasen.