Etter ein storkontroll i sentrum før helga, der 12 bilar vart avskilta, var vegvesenet på plass i Hovdebygda att måndag. I eine enden av flyplassen stod dei med kjennemerkekamera som scannar alle bilskilta på bilane som passerer. På få sekund får dei opp på datamaskin om bilen er registrert med feil eller manglar. I flyplasskrysset stod Knut Gunnar Skjærvik og vinka inn bilane som maskina plukka ut.

– Vi har hatt denne maskina i eitt år no, og den er utruleg effektiv, fortel han.

Mellom anna gjer den arbeidet med å finne fram til bilane med manglar mykje lettare.

– Vi slepp å stoppe og hefte dei som har bilar som er i god stand. På denne måten får vi også kontrollert fleire, fortel Skjærvik.

Avskilta sju

Måndag var dei ute heile dagen. Like over klokka 16 hadde dei stoppa 44 av 837 bilar. Sju av dei vart avskilta på staden.

– Vi er ikkje særleg nøgde med den tekniske tilstanden til fleire av bilane, seier Skjærvik.

Helst hadde dei sett at alle bilane fekk køyre vidare, og at dei slapp å stoppe nokon.

Slitne dekk

Kontrollen i Hovdebygda måndag var ein standardkontroll.

– Vi ser på lys, forsikring, årsavgift og slike ting. Mellom anna har vi ein bil her som vi stoppa for ein slik ting, men som også viste seg å ha svært slitne dekk.

Skjærvik peikar mot ein avskilta bil som har vorte forvist til ein parkeringsplass.

– Alle fire dekka er nesten heilt utan mønster, og det på ei tid av året der slike ting er ekstra viktig, seier Skjærvik.

Han viser til det våte vêret, og at vi er på full fart inn i mørketida. Ved ein bråstopp kan gode dekk vere avgjerande for å unngå ei eventuell ulykke.

Mange manglar

Seinare kontrollar i Ørsta har vist at særleg ungdomen køyrer i bilar med mange manglar.

– Vi legg ikkje skjul på at vi har eit spesielt fokus på den gruppa, og på rånemiljøet.

Det handlar mellom anna om soting av bilruter og seinka bilar.

– Dette har stor innverknad på trafikkmiljøet. I dårlege lysforhold vil sota ruter gi enno dårlegare sikt, og seinka bilar med slappe fjører kan fort minske køyreeigenskapane så mykje at bilen hamnar i grøfta, seier Skjærvik.

Måndag var det to graverande forhold som vil verte melde til politiet, mellom dei bilføraren som køyrde rundt med fire glatte dekk. Elles var det ein del som ikkje hadde betalt årsavgifta og ikkje hadde hatt bilen på periodisk kontroll.

– Vi er ute med eit lag kvar dag heile året rundt på Sunnmøre, men vi kjem nok til å kome tilbake hit og vere her framover. Det er ingen tvil om det, seier Skjæret.

Knut Gunnar Skjærvik frå Statens vegvesen var på plass i Hovdebygda måndag.