Det er hovudutrykkingsbilen «1-1» som Ørsta kommune no vil byte ut. Det har vorte henta inn tilbod på ny bil, men dei har enno ikkje vorte handsama.

Ein slik brannbil inneheld både vasstank og redningsutstyr, og har ei leveringstid på nesten eitt år.

Brannmeister Erik Myklebust seier den gamle bilen kanskje endar opp som brannbil på Sæbø.

– Den bilen som er der i dag, syklar borna nærast forbi i motbakke. Difor er det mest truleg at brannbilen skal dit, men det er ikkje avgjort enno, seier han.

I tillegg skal bygningsmassen rustast opp i tida framover. I sentrum ligg det føre planar om å utvide brannstasjonen ved rådhuset, og på Øye ligg det føre planar om ny brannstasjon.