Optimera Marine er del av det store Saint-Gobain konsernet, med 193.000 tilsette i 64 land. I Noreg eig Optimera fleire kjeder innan byggnæringa, til dømes Montér, Optimera Proff og Optimera Handel. Optimera omset for nær sju milliardar kroner årleg.

Marinedelen vart lansert i september, og har som målsetjing at Optimera skal nå nye kundesegment innan skipsbyggingssektoren.

Kontor i Ørsta

Daniel Garden frå Ørsta arbeidde ei årrekkje med import og sal av hardttre, trelast og plateprodukt for bedrifta DLH i København, før han for to år sidan takka ja til å verte salssjef og vere med å leie oppstarten av Optimera Marine.

Optimera Marine har hovudkontor i Oslo, men eitt av vilkåra til Garden var at kontorplassen hans skulle ligge heime i Ørsta.

– Når vi først har ein maritim sektor i heimlandet vårt, er det naturleg å ligge i nærleiken av han. I dette distriktet bur det mange fagfolk som kjenner bransjen, seier Garden, som har fått kontor i toppetasjen i Montér sin butikk på Rystelandet.

Spesialplater

Produkta Garden skal selje inn i den maritime marknaden er i hovudsak spesielle plater til bruk i innvendig skipsbygging. Byggmateriala har ulike eigenskapar, som t.d. flammehemmande plater med låg vekt, bøybare gipsplater, varmedempande glas og anna.

– Hovudkundegruppa er utrustingsselskap. Dei kjøper ofte inn alle tenestene og produkta som skal inn i skip, og sel totalpakkeløysingar til verfta, seier Garden.

Og med åtti prosent av kundemassen i utlandet, må ein tenkje handel og kommunikasjon på tvers av landegrensene.

– Det er spanande og inspirerande å arbeide i ein internasjonal bransje. Eg har fått erfare at ein her må enten handle internasjonalt eller ikkje i det heile. Lokale selskap som arbeider i maritim sektor, arbeider også internasjonalt. Ein skipsdesignar kan designe eit skip som vert bygd i Korea, utrusta av eit firma i Dubai, få gir frå Volda og motorar frå Italia. Det er så mange nasjonalitetar inne alle byggjeprosjekt i heile verda, at vi fort lærte at vi måtte rigge om systema i Optimera som tradisjonelt har vore brukt til å selje til norske kundar og dels kjøpe frå norske produsentar, seier Garden.

Ein internasjonal marknad fører også med seg mange forretningsreiser og lange dagar.

– Når ein bur i Ørsta, går det med ein del ekstra tid til reise. Det ekstra hoppet frå Oslo eller Bergen til Sunnmøre fører av og til med seg ei ekstra overnatting. Og skal ein reise med morgonflyet frå Vigra, må ein opp i tre-firetida om natta, seier Garden.

Skal utvide

Optimera Marine er no i startfasen, men etter kvart er planen at kontoret i Ørsta skal utvidast med fleire stillingar. På sikt kanskje eit lagerbygg også. Framtida til skipsindustrien ser lys ut, og Garden er bestemt på å nå ut til mange nye kundar.

– Prognosane for åra framover syner at skipsbransjen i Noreg har gode tider. Dei neste ti-femten åra har vi ikkje noko å frykte. Konkurransen i marknaden har vorte strre, men prognosane for aktivitet er bra. I Noreg har Optimera allereie ein god posisjon som distributør på landjorda. Den funksjonen ønskjer vi også å tilby den maritime sektoren.