Onsdag gjennomførte Statens vegvesen ein omfattande trafikkontroll i Ørsta.

Utstyrt med kjennemerkekamera som automatisk finn forbipasserande bilar med registrerte manglar, heldt kontrollørane det gåande i fem timar.

Til saman 384 bilar vart sjekka av kameraet.

– Då tek vi inn dei som vi skal ta inn, med manglar som vi elles ikkje ville oppdaga, seier kontrollør Karl Øie.

Elles vinka dei inn ein del andre bilar for manuell kontroll. Til saman 87 bilar vart stoppa og sjekka. To av dei vart avskilta, fire fekk gebyr, og det vart skrive ut ti-tolv kontrollsetlar, opplyser Øie, som oppmodar bilførarane om å sjå til at alle papir er i orden før ein set seg i bilen.

– Veldig mange verte tekne litt på senga når det gjeld forsikring og ubetalt vegavgift. Det bør ein sjekke at ein har.