Onsdag denne veka vart møtet gjennomført, med Holen Bjørdal, stortingsrepresentant Else-May Botten (Ap) og dei lokale Ap-tillitsvalde Jørgen Amdam og Ingvild Aasen til stades, i tillegg til fleire legar og sjukepleiarar.

Kunstige føretaksgrenser

Ei stor utfordring ved sjukehuset i Volda er føretaksgrensene no når kommunikasjonane på Nordvestlandet er under dynamisk endring. Eiksundsambandet og Kvivsvegen gjer at Volda sjukehus i dag er næraste fullverdige sjukehus for snart 70.000 innbyggarar, men regionen er delt i to på grunn av dei administrative føretaksgrensene. Spesielt gjeld dette akuttmedisin. Slike administrative grenser skaper unødvendige hinder for pasientar og for helsevesenet, meinte dei tillitsvalde.

Diskusjonen gjekk også kring kva er eit regionalt sjukehus? Det meste av tenestene ved sjukehus er relativt alminnelege og hyppige og må vere nær brukar og pårørande, mellom anna for å kunne få rett diagnose, tidleg behandling og god omsorg. Samtidig er det viktig at regionale sjukehus samarbeider tett med spesialistmiljø for å få rett diagnose og hjelp til dei med avanserte behov.

For å kunne gi fullverdige regionale tilbod til ein region med 50.000 til 100.000 innbyggarar krev dette at sjukehuset har både kirurgiske og medisinske fagmiljø som arbeider tett i saman, slik som i Volda. Alternativa kan vere lange og slitsame pasienttransportar spesielt med vår geografi og auka fare for liv og helse.

Dramatiske nedskjeringar

Finansieringa av sjukehuset og Helse Møre og Romsdal var også eit viktig tema. Dei pålagde nedskjeringane med grunnlag i den interne finansieringsmodellen til Helse Midt-Norge vil medføre dramatisk reduksjon i tilbod og kvalitet i sjukehusa i Møre og Romsdal. Det er tydeleg ikkje teke omsyn til dei spesielle geografiske og kommunikasjonsmessige utfordringane i Møre og Romsdal samanlikna med Trøndelag. Det bør leggast betydeleg politisk press på å få endringar her skal sjukehusstellet i fylket ikkje bli utarma, var bodskapen frå dei tillitsvalde.

Dei stadige nedskjeringane, organisasjonsendringane m.m. er også eit stort hinder for fagleg utvikling og forbetring. Lokal og regional innovasjon og samarbeid blir overstyrt av meir eller mindre tilfeldige prosessar i føretaket som er tid- og ressurskrevjande. Det vart presisert frå dei tillitsvalde at det er svært viktig at sjukehuset får halde på dei funksjonane det har i dag, slik at ein kan sikre føreseieleg drift, utvikling og rekruttering, i tillegg til å halde fram med å levere tenester av god kvalitet, som er det aller viktigaste.

Fredric Holen Bjørdal meinte det var eit svært konstruktivt møte. Han og kollega Botten lovar å ta med seg signala frå dei tilsette attende til Stortinget.