– Men det vert ikkje færre avgangar i sambandet, understrekar byggjeleiar Marianne Nærø i Statens vegvesen.

Den nye ferjekaia stod klar i vinter, men asfaltarbeidet vert utført først no fordi det er no ein har tilgang til asfalt. I tillegg til dette skal det monterast nokre dumpardekk på delar av den nye kaia, opplyser byggjeleiaren.

Grunna dette vert det starta opp ei mellombels ferjerute for sambandet Hundeidvika – Festøya frå i dag, torsdag, og ut månaden.

I denne perioden skal begge ferjesambanda på fjorden nytte den gamle ferjekaia i Festøya.

Unngå venting

– For å unngå at ferjene må liggje ut på fjorden og vente på kvarandre har vi justert ruta i Hundeidvika-sambandet, fortel byggjeleiar Nærø.

Slik var det også i ni månader i fjor i samband med bygginga av nyekaia.

– Ingen klaga då over justeringa, fortel Nærø.