Ifølgje mellombelse tal frå Widerøe reiste 9.958 passasjerar via Ørsta/Volda lufthamn, Hovden i januar. I same månad i fjor var talet 10.422 passasjerar. Dette er ein nedgang på 464 passasjerar, eller 4,5 prosent.

I snitt var det 47,9 passasjerar på kvart fly, mot 50,1 passasjerar i januar i fjor. Dette er langt over snittet på andre kortbaneflyplassar i Noreg.

Flyplassen i Hovdebygda har på få år markert seg som ein av dei leiande kortbaneflyplassane i landet.