- Det er ikkje Senterpartiet somer i si eiga verd i saka om bompengar. Det er Framstegspartiet, seier avtroppande ordførarRagnhild Aarflot Kalland i Volda.

Ho svarar på utfordringafrå Jon Georg Dale, Frp sin komande gruppeleiar i Volda kommunestyre.

Eiga verd

Dale sa i Møre-Nytt pånett fredag at Volda Sp lever i si eiga verd i saka om eventuellbompengefinansiering av den ynskte Voldatunnelen mellom Volda og Furene.

Dåreagerte han på at ordførar Aarflot Kalland tidlegare i veka hevda at Volda Frpbremsar utviklinga i Volda med sitt syn på bompengar. Volda Frp har fåttgjennomslag for at kommunen sitt offisielle syn i komande fireårsperiode er atdet ikkje skal krevjast bompengar som råkar lokaltrafikken i Volda.

- Bremsar utviklinga

Aarflot Kalland står fastpå at det er Volda Frp som bremsar på utviklinga.

- Frp er isi eiga verd i dette landet når det gjeld bompengar. det er eit faktum at alledei andre politiske partia på Stortinget set lokal medfinansiering som krav nårtrafikktala tilseier det. Frp er prinsippfaste og seier nei.  Det er eit syn som vil seie stagnasjon, seierAarflot Kalland.

Komitereiser

Ho viser til at hosom vararepresentant på Stortinget sat  itransport- og kommunikasjonskomiteen i Stortinget.

- Når vivar ute på komitereise, fekk vi spørsmål om kvifor det vart bygt så mykje vegpå Møre. og var på komitereise, og når folk lurer på kvifor mykje veg på Møre.Då var svaret at det var fordi  detlokalt vart akseptert lokal medfinansiering. Dette er resepten som også lokaleFrp –folk kan seie ein kan nytte seg av - vel vitande om at Frp vil røyste imot på Stortinget, men prosjektet vil gå igjennom, seier Aarflot Kalland.

Ho presiserer at hoikkje har sagt  kvar eventuelle bommarskal plasserast i Volda for å finansiere Voldatunnelen.

Prinsipp

- Det eg veiter at skal Stortinget seie ja, er det krav om at brukarane av vegen er dei somskal betale.  At Frp er i mot, er sjølvsagteit prinsipp dei kan ha. Men då vert prosjektet sendt ut i tid, seier AarflotKalland.

Hoynskjer at dei nye politiske makthavarane i Volda, gjerne saman med dei som tekover i Ørsta, no går i dialog med vegvesenet.

Strategisk

- Det måtenkjast strategisk for vegprosjekta i regionen. Skal det vere eit prosjekt forVolda-tunnelen åleine, eller skal det takast inn andre?  Det må samsnakkast med Ørsta, og sjå om detskal lagast ein vegpakke med lokal medverknad i finansieringa på line med detein arbeider med i Ålesund, seier Aarflot Kalland.

Hoynskjer gode utgreiingar av prosjekta, både for utgiftssida og inntektssida

- Det handlar om å framskunde utviklinga for Ørsta ogVolda. Det er viktig at vi i regionen tek ansvar for det sjølve, seier AarflotKalland.

Kyststamvegen

Hominner om at det ikkje er slik at kyststamveg-traseen er fastlagd for allframtid, og fryktar at dersom det vert for stor uvisse kring prosjekta i Ørstaog Volda, kan stamvegen hamne heilt andre stader.

- Trøblarvi dette til med splitt og hersk, kan vi få ei utvikling som slett ikkje viltene oss, seier Aarflot Kalland.

- Vi skal ikkjevere sjølvgode. Det er sterke krefter både aust og vest for oss som står klaremed prosjekt for ein stamveg, seier Aarflot Kalland.

Låst mandat

Ho åtvarar den nyefleirtalskonstellasjonen i Volda med å gå inn i dei komande samferdselsdiskusjonanemed  låst mandat.

- Vi måunngå at vi går inn i slike diskusjonar med bundne hender, slik ein tidlegaregjorde i Ålesund grunna Frp sitt syn på bompengar.  Vi må også hugse at Frp er i mindretal. IVolda røysta 4.600 personar. 700 røysta Frp. Dei 3.900 andre røysta på eit annaparti som sa at ein ynskte denne saka utgreidd, seier Aarflot Kalland.