Arealet er på 48 dekar, og ligg ved E39 på Rotset i Volda. Søre Sunnmøre tingrett har hatt oreiningsskjøn i saka, og kome til ein kvadratmeterpris på 285 kroner for arealet. Det vil seie 13,68 millionar kroner for heile arealet. I tillegg må Volda kommune ut med 1,27 mill. kroner i erstatning for ein driftsbygning på området. Arealet er del av det nye næringsområdet på Rotset. Fire av dei fem grunneigarane på området inngjekk frivillig avtale med kommunen. Den femte grunneigaren ønskte å utvikle området sjølv, og sa nei til ein frivillig avtale. Kommunen vedtok då å oreigne området, og det medførte krav om oreignignsskjøn.

Tingretten vurderer at området til den femte grunneigaren har noko høgare utnyttingsgrad enn arealet til dei fire andre, sidan det kan settast opp høgare bygningar her. Kvadratmeterprisen er difor justert opp frå 225 til 285 kroner, samanlikna med arealet til dei fire andre. Området er svært attraktivt, i og med at det blir liggande like ved E39 og Voldatunnelen. Kommunen må også betale sakskostander på 121.000 kroner til grunneigaren.