Seint i februar i år var det fartskontroll i 50-sona på E-39 på Vartdal. Kvinna forklarte i retten at dei hadde vore på familiebesøk. Ungane var trøytte og leide, og ein av dei utrøysteleg. Kvinna forklarte at ho vart distraert av ungane, og ho trudde at ho køyrde i ei 80-sone. Ho forklarte også at ho ikkje var kjent i området. Då ho vart vinka inn under trafikkontrollen såg ho på speedometeret at farta var over 80 km/t.

Førarkortet til kvinna vart inndrege på staden, og målinga viste ei fart på 86 km/t i 50-sona. Kvinna forklarte at måleresultatet kunne stemme, og godttok at saka vart avgjort ved ein tilståingsdom.

I Sunnmøre tingrett vart kvinna dømt til fengsel på vilkår i femten dagar. Fullbyrdinga av straffa vart utsett med ei prøvetid på to år. Ho vart i tillegg dømt til å betale ei bot på 9.000 kroner, subsidiært fengsel atten dagar. Kvinna var og dømt til tap av førarretten for motorvogn i ein periode på sju månader. For å få tilbake førarkortet må ho køyre opp på nytt.