Har du sett framande artar i naturen? Statsforvaltaren ønsker informasjon om kjempebjørnekjeks i heile fylket og kjempespringfrø på Sunnmøre.

Statsforvaltaren skriv:

«Framande, skadelege planteartar tar over og "et opp" anna vegetasjon i Noreg. Dei vert einaste planta som står igjen i området. Slik øydelegg dei naturmangfaldet. Mange av desse plantane er rømlingar frå hagane våre. Derfor blir dei ofte kalla hagerømlingar. Berre i fellesskap kan vi fjerne dei frå naturen.»

Japanpestrot i Liaskaret. Foto: Privat

Du kan melde frå til Statsforvaltaren om du finn framande artar i naturen i Møre og Romsdal. Spesielt ønsker vi informasjon om kjempebjørnekjeks i heile fylket og kjempespringfrø på Sunnmøre. Du melder funna til ansgr@statsforvalteren.no. Du kan også ta bilde og legge det inn i artsobservasjoner.