Gjenopninga av samfunnet etter koronapandemien og auka grensehandel bidreg ifølgje Tine til redusert sal av mjølk, skriv Nationen.

I den norske daglegvaremarknaden er det snakk om ein betydeleg reduksjon, ifølgje Tine, som nå går ut og signaliserer at mjølkeproduksjonen må reduserast framover.

Prognosane til Tine viser så langt eit redusert behov for kumjølk til neste år. Prognosane er derimot ifølgje Tine ikkje sikre nok til å talfeste kor stort kuttet i mjølkekvotane kan bli.

Auka aktivitet i marknaden for storhushald, som hotell og kantiner, har ifølgje Tine dels kompensert for nedgangen i daglegvaremarknaden. Dei langsiktige prognosane viser likevel eit redusert behov for mjølk i 2023.

Dei såkalla kvotedrøftingane, der mjølkekvotane for neste år blir bestemt, går vanlegvis føre seg på seinhausten.

Ved inngangen til 2020 vart det såkalla forholdstalet på mjølkekvotane sett til 0,96, som betyr at kvar bonde kan produsere 96 prosent av grunnkvoten.

Utover i 2020 førte koronapandemien til kraftig oppsving i salet. Dermed blei forholdstalet auka til 1,05 våren 2020 og i 2021 var forholdstalet på 1,07.

I fjor haust anbefalte Tine eit forholdstal på 0,98 for 2022. Landbruks- og matdepartementet fastsette derimot forholdstalet til 0,99 etter råd frå bondeorganisasjonane, som ville redusere produksjonen mindre enn Tine tilrådde.

Nedgangen i produksjonen ligg med det an til å bli på åtte prosentpoeng i år målt mot året før. Med dei nye signala frå Tine er det venta ein ytterlegare nedgang i forholdstalet for 2023.

(©NPK)