Butikksjef på Vinmonopolet på Oslo S, Jetmund Ringstad, informerte kundar om at dei berre fekk tatt imot kontantar då kortterminalar over heile landet var nede. Foto: Stian Lysberg Solum / NTB
Kortterminalar over heile landet var nede måndag etter trøbbel hos Nets. Feilen er no retta, og det vil vere normal drift om kort tid. Foto: Heiko Junge / NTB / NPK

– Det tek litt tid før alt er oppe som normalt, men eg vil seie at no skal alt snart vere oppe å gå, seier Pål Andre Fredriksen, administrerande direktør i Verifone, som lagar betalingsløysingar, til VG.

– Viss du går i butikken no, skal du ha ei ganske vanleg oppleving. Alt skal vere tilbake til normalen innan ein halvtime/times tid, seier han.

Ramma opp mot 130.000 bankterminalar

Feilen vart oppdaga i 12-tida måndag. Opp mot 130.000 bankterminalar var ramma, ifølgje Fredriksen.

– Eg har jobba her i denne bransjen i 15 år, det er første gong eg opplever noko liknande. Det er klart at dette definitivt er ein feil dag å gå ned på, seier han, og siktar til 17. mai-feiringa tysdag.

«Ei pågåande hending forårsakar mislykka transaksjonar for nettransaksjonar og terminalar i Noreg. Vi undersøkjer saka», skreiv Nets på nettsidene sine.

– Ikkje angrep

Det dreier seg ikkje om eit angrep, seier presseansvarleg Peter Glüsing i Nets til Dagbladets Børsen.

– Det er for tidleg å seie noko om årsaka, men det er ikkje eit angrep, sa han.

Vinmonopolet og fleire butikkar melde om problem.

Butikksjef i Vinmonopolet på Oslo City, Marika Salomäki, seier at 16. mai er ein av dei største salsdagane deira i året.

– Dette er frykteleg dumt. Ikkje berre for oss, men også for alle dei andre butikkane som blir ramma. Dette er ein av dei største salsdagane våre i året, seier ho.

(©NPK)