Arne Hjeltnes (gut på tur) er konferansier når NAV-kontora og kommunane på Søre Sunnmøre arrangerer utvida jobbmesse i Ørsta i januar.

Det blir jobbmesse med trerettars middag, god underhaldning og fagleg påfyll av kjende foredragshaldarar.

Det er gratis å delta, men det er avgrensa med plassar, melder Ørsta og Volda kommunar på sine heimesider.

Målgrupper for jobbmessa er næringsliv, frivillige lag og organisasjonar og andre.

Datoen som er sett av er 24. januar 2023, og staden er Ørsta kulturhus.

På programmet står blant anna talkshow med Hjeltnes, foredrag om kvifor ein evt skal tilsette folk med rare namn, om kulturskilnader, panelsamtale over temaet «Frå flyktning til ressurs» - og ei lokal suksesshistorie frå firmaet A. Våge.