På grunn av vêrforholda var ferjesambandet Festøya-Solavågen innstilt onsdag morgon.

Det melder Norled.

– Sambandet får normal drift frå kl. 10:00. Det gjeld inntil vidare, og så lenge vêrforholda tillet det, opplyser Norled.

Det vil og vere normal drift i Festøya-Hundeidvik frå klokka 10.00.

Ferjesambandet Hareid – Sulesund har og vore innstilt. Fjord1 melder om normal drift i sambandet frå 09:50.