Berit Landgraff (88) på Furuheim sykehjem har dagleg kontakt med Bella (12). Foto: Eli Strand NPK

Populært med dyr på alders- og sjukeheimar

Mange eldre saknar kjæledyra sine når dei flyttar på aldersheim. Derfor er det stadig fleire institusjonar som no vil leggje til rette for at dei eldre skal ha kontakt med dyr. Kattar og hundar har gjort sitt inntog på norske sjukeheimar dei siste ti åra, men ikkje alle er like begeistra for det.