Det seier Stine Terese Vatne Riise frå utlånssentralen i Ørsta kommune. Er du ein av dei som aldri har orka å invistere i skiutstyr og fekk brått lyst ut ein tur, så har du sjansen no.

– Kanskje kan det lokke med enten ein langrenn- eller trugetur? Akematter, skeiser, snowboard eller slalåm? For å hjelpe deg litt på veg har vi mange kjekke utlånssentralar og ordningar rundt omkring som kan by på dette, også i Ørsta og omegn! Ørsta utlånssentral syrgjer for å gjere deg klar til skiløypa i Daleteigane, Ørsta Skisenter eller om du skal ut å reise og vil låne med deg utstyr. Vi har gode felleski til vaksne, og smørefrie ski for born, heilt ned i alderen fire år. Skivogn har vi også, samt splitter nye snowboard. Slalåm må vi førebels freiste lukka med på BUA i Volda, seier Vatne Riise.

Og viss snøen regnar vekk i ferien så er det fortsatt håp.

– Om det er lite snø men du likevel har lyst ut å finne på noko, så skal det vere ei råd med det med. Vi har syklar og bålpanne, gåstavar og sparkesyklar, lavvo, redningsvestar og andre uteleiker for å nemne nokre. Og manglar det noko? Då forsøker vi å få tak i det!  Utlånssentralen er ute etter å skape trivsel og glede til ørstingar gjennom deltaking i aktivitetar. Sentralen er for alle, og utlånet er sjølvsagt gratis, fortel Stine.

Utlånssentralen er helder ikkje vanskelege å nå tak i.

– Kontaktinformasjon for å avtale utlån finn du på kommunen sine heimesider, eller du kan gå via Småjobbsentralen si Facebookside. Og du, vi har ope heile året! Seier Stine.

Det manglar ikkje på ustyret til utlånssentralen. Foto: Privat.