Viddal kraftverk skal etter planen setjast i drift våren 2012, og med prøvekøyringa som vart gjennomført onsdag, er ein eit steg nærare ferdigstilling. Kraftverket vil ha eit nedslagsfelt på 12,7 km², fallhøgd på om lag 243 meter og ein årsproduksjon på om lag 17 GWh.
– Onsdag var vi på nettet for første gang, og dei første kilowattimane har trilla ut av Viddalsbygda, seier kraftverkssjef Terje Myklebust.
Låg vassføring
Det står framleis igjen litt arbeid før kraftverket vert sett i full drift.
– No vil det verte litt testing, og komande veke vert det truleg prøvedrift. Når dette er tilbakelagt vert det fullt køyr, seier Myklebust.
Slik vasstihøva er no er det avgrensa med straum ein kan produsere, men dette vil betre seg utover våren.
– Med dei temperaturane vi har i dag, har vi ikkje nok vatn til å ha fullt køyr. Det er lite vatn, og det er framleis kaldt om natta slik at snøsmeltinga ikkje kjem skikkeleg i gang. Til nærmare vi kjem mai til meir eksploderer det. V er klare til å ta imot vårflaumen, seier Myklebust.
Prøvekøyring på Standal
Tussa hadde sett seg eit mål om at ein skulle kome i gang med kraftproduksjon på Viddal før påske, men tekniske problem har gjort at det har tatt litt lenger tid.
– Dette har eigentleg ikkje hatt så mykjeå seie, sidan vassføringa er så låg. Vi er godt nøgde med at vi er klare no. No er det også fullt køyr på Standal, og prøvekøyringa vil truleg starte der tidleg i mai, seier Myklebust.