Under synfaringa til Volda kommunestyre minte prosjektleiar for Kvivsvegen, Oddbjørn Pladsen, om at Kvivsvegen vert kring 25 millionar kroner rimelegare å byggje enn føresett.
Pladsen har klare tankar kvar desse sparte pengane bør puttast inn.
– Eg håper vi gjennom statsbudsjettet kan bruke desse pengane til å utbetre 3,6 kilometer veg mellom Årset og Geitvika. Og vi ønskjer oss 8,5 meter vegbreidd også der, slik stamvegen elles vert – og at der elles kan gjerast andre tiltak som hevar standarden og tryggleiken for dei køyrande, seier Pladsen.
Margin
Dei 25 mill ”sparte” pengane for Kvivsvegen, som i 2012-kroner er kostnadsrekna til 1.195 millionar kroner, ligg innanfor slingringsmarginen. Ifølgje Pladsen er det nemleg uråd å vite nøyaktig kva eit vegprosjekt vil koste nøyaktig då uføresette ting kan hende.
– Vi klarer ikkje å vere meir enn 90 prosent nøyaktige i berekninga av kostnadene, seier prosjektleiaren.