Ørsta kommune kan altså spare seg for mykje arbeid med taksering i høve innføringa av eigedomsskatt for neste år, då private husstandar også må betale den nye skatten.

Viss kommunen vel å taksere eigedomane, krev det eit omfattande og dyrt apparat. Ein ny stortingsproposisjon legg opp at kommunen kan droppe dette.

Frå hausten

– Alternativet med formuegrunnlaget vil vere tilgjengeleg ut på hausten gjennom ein portal som Skattedirektoratet no utviklar. Dette må skrivast ut innan 1. mars neste år, fortel Marius Pilgaard i departementet.

Han ønskjer ikkje å kome med noko råd om kva slags system kommunen bør velje.

– Det er opp til kommunen å finne ut av dette, og kva som er den beste løysinga for dei, seier Pilgaard.

Data

Kommunane skal kunne hente ut relevante eigedomsdata frå ein internettbasert portal utvikla av Skatteetaten. For å sikre at eigedomsskattegrunnlaga ikkje overstig bustaden sin marknadsverdi, inneber det nye systemet at det vert innført ein obligatorisk reduksjonsfaktor for bustader på 0,67 i skatteåret 2014, det vil seie at formuegrunnlaget vert redusert med 33 prosent.

Den obligatoriske reduksjonsfaktoren vert redusert til 0,8 med verknad frå skatteåret 201. Såleis vert formuegrunnlaget redusert med 20 prosent.

– Kommunane skal framleis kunne bruke ein lokal reduksjonsfaktor og eventuelt botnfrådrag, fortel seniorskattejurist Marius Pilgaard i Finansdepartementet.