- Dette var ein skikkeleg karamell, og ein flytur eg kjem til å hugse, seier Roar Rønning. Han var ombord i eit Widerøe-fly som fredag ettermiddag vart råka av lynnedslag.

Frå Oslo

Flyet var på veg frå Oslo til Hovden og skulle landet på flyplassen i Hovdebygda klokka 17.10 fredag. Flyturen frå Oslo var prega av stormen Berit, og det rista veldig undervegs store delar av turen. Berit var nærast i krigshumør der ho herja over store delar av landet.

- Vi høyrde også fleire smellar som viste seg å vere is frå propellane, fortel Roar Rønning, ein av fleire ørstingar ombord.

Då flyet nærma seg Hovden var det mange passasjerar som hoppa i stolane.

Smell

- Plutseleg kom eit voldsamt smell og det lyste veldig rundt oss. Vi fekk etter ei stund beskjed om at det var eit lynnedslag, fortel Rønning som hadde vore på seminar på Gardermoen.

Flyvertinna ombord fortalde at ho aldri før hadde opplevd at lynet slo ned under ein flytur, og ho hadde vore flyvertinne i ni år.

Roar Rønning var ikkje redd under turen.

- Nei, men det var slett ikkje nokon behageleg tur. Det er slikt ein helst vil unngå. Nei, dette var ikkje kjekt i det heile, seier rektoren på Vartdal skule.

Avbryte

Turen heim vart svært lang: Flyet måtte nemleg avbryte landinga og setje kursen mot Bergen. Rutinane seier at fly som vert råka av lynnedslag må reise til ein flyplass med mekanikar. I Bergen venta enno ei lita hyggjeleg overrasking: Flyet som skulle flyge Roar Rønning og dei andre til Ørsta vart  kansellert.

Dermed måtte passasjerane setje seg på buss. Og klokka kvart på fire natt til laurdag stoppa bussen utanfor terminalbygget på Hov den.