Sondre Hage er 21 år, som også er aldersgrensa for å ta førarkort for lastebil med tilhengar.

I dag går han i fotefara til faren som er yrkessjåfør. Om han står på oppkjøringa då.

– Eg er ganske avslappa enno. Men det kjem vel når det nærmar seg, seier Hage.

21-åringen har jobba som mekanikar for Scania, noko som visast att på logoen på fleecejakka. Men han må finne seg i å køyre opp med Mercedes.

Det er mørkt ute, men sola har snudd. Klokka bikkar ni og det er tid for ein aller siste køyretime, før den store testen klokka 14. Siste køyretime dersom sensoren gir grønt lys for køyring på eigenhand, vel og merke.

– Dette er ein oppfriskingstime. Det handlar om å kome i gang, roe nervane før oppkjøringa, seier køyreskulelærar Christian Åm.

Etnisk skille innan tungtrafikken

Det seiest at nordmenn er født med ski på beina, men Åm vart snarare født med eit ratt i handa. Han var med faren Oddvar på øvingsturar med buss ifrå han var knøttliten. Christian har vore trafikklærar sidan 2006, og dagleg leiar for Åm trafikkskule dei to siste åra.

–Over 90 prosent av elevane våre står på den praktiske prøva. Det er eg stolt av, seier Åm.

På den teoretiske prøva er det derimot særs mange som stryk og må forsøke fleire gonger.

–Det kan ha å gjere med at ein del av dei som vil bli yrkessjåførar er meir interessert i det praktiske enn det teoretiske, trur Åm.

Han kan også fortelje at det går eit etnisk skille mellom kva type tungtransport folk vil drive med:

– Dei fleste som vil bli lastebilsjåfører hos oss er norske. Når det gjeld bussjåfør derimot, ser vi at mange er frå Afrika, særleg Somalia.

Åm har inntrykk av at bussjåfør er eit statusyrke blant somaliarar.

Køyrde traktor som åtteåring

Oppfriskingsturen startar frå Furene, og Hage svingar rattet i retning Volda. 16 meter og 39 tonn vogntog legg seg ut på E39.

– Eg kjenner litt rattrust ja, seier Hage humrande.

Førre køyretur var for ei dryg veke sidan. Det er likesom ikkje berre å øvingskøyre med vogntog når som helst. Men det sit mykje køyring i ryggmargen på Hage: nan køyrde traktor for første gong då han var ni år. Han har øvd på å køyre lastebil sidan han var 18.

Den unge, komande yrkessjåføren er letta over at forholda er som dei er: mildvær og bare vegar. Nokre dagar før var det såpeglatt.

Gler seg over samferdselstiltak

Vi passerer Egset, som har fått ny undergang for mjuke trafikanter, noko som erstattar eit risikabelt gangfelt.

– Her var det ei eldre dame som vart påkøyrt for nokre år sidan. Det heldt på å ende fatalt, fortel Åm.

Medan vi svingar oss frå Ekset til Volda sentrum, peikar Åm på at det berre er 20 centimeter klaring på kvar side av doningen, til gullina og rekkverket. Det er før vegen blir enda trongare og gullina forsvinn.

– For køyreskulen er det bra at det er krevjande tilhøve her. Men for transportnæring og andre blir det glimrande med tunnel Furene – Volda, slår Åm fast og peikar på at tunnelen vil gi langt tryggare samferdsel.

Er blinklys «ut» i Ørsta?

I svingen ved Elvegata i Volda sentrum kan det vere vanskeleg nok for privatbilistar å halde fila si. Mange vel å blinke sjølv om dei er på E39. Åm synest at lastebilsjåførar vanskeleg kan blinke for mykje, fordi det å kommunisere med andre er avgjerdande for trygg og flytande trafikk.

Vi skal til Ørsta, men tar først av i rundkøyringa i sjukehuskrysset, og inn i Rotsethorntunnelen ein tur.

– Eg skulle gjerne sett at mange billistar byrjar å nytte blinklysa meir. Særleg i Ørsta, seier trafikklæraren.

Utkikspost

Vi snur støtfangaren mot Ørsta. Eleven Hage køyrer så kontrollert og komfortabelt at køyrelæraren har overskot til å dele synspunkt, frå sitt mobile utkikstårn på vegane.

Åm peikar på gang- og sykkelvegen som er anlagt ved Ekset

– Dette er kjempebra at vi får på plass.

Likevel oppfordrar han på det sterkaste mjuke trafikantar til å bruke refleksvekst.

Viltovergangen før avkøyring til Ivar Aasen-tunet, har i følgje trafikklæraren vore ein suksess:

– Før var det mykje hjort som trakk over vegen her. Etter at overgangen kom, har eg ikkje sett ein einaste ein.

Det går med andre ord padder under og hjort oppå vegane i Volda.

Med tanke på miljø, trekk både Hage og Åm fram at el-lastebilar er på veg inn. I 2016 prøvekjørte statsminister Erna Solberg den første av slaget i Noreg.

– Dette bidreg til å redusere CO2-utslippa. Det løyser også mykje av dei lokale problema knytt tik forureining, sa Solberg til NTB den gongen.

–Utfordringa er berre å få batteri som er lette nok, slik at lastebilane blir lønnsame, opplysar Åm.

Berre sensoren står i vegen

Vel tilbake på Furene, etter ein runde i Ørsta sentrum, kan Åm konkludere med at han ikkje ein einaste gong har måtta trykke på den ekstra bremsepedalen nedafor høgresetet sitt.

Han lånar bort eleven til kollega Per Einbu, som tar ein siste gjennomgang av på- og avkobling av vogn og andre praktiske ferdigheiter. Ein veit aldri heilt kva ein sensor kan finne på å spørje om.

Sondre Hage ønskjer å drive med anleggstrafikk i første omgang, og må ha lappen.

Etter avtale med Hage sjølv ringar Møre-Nytt litt seinare for å få svaret på korleis det har gått:

– Det gjekk strålande seier han.

– Sensoren var generelt fornøgd og hadde eigentleg ikkje noko spesielt å kritisere.

No har Sondre førarkort for lastebil med vogn CE, akkurat som faren.

– Han har alle førarkorta du kan tenke deg, med unntak av motorsykkellappen.

Trafikkskule: Åm trafikkskule er lokalisert i Furene og er ein rein storbilskule. Foto: Tarjei Engeset Ofstad
Spent: Sondre bak rattet før oppfriskingstimen før jul. Foto: Tarjei Engeset Ofstad
Sjekk: Sondre ønsker å drive med anleggstrafikk i første omgang. Foto: Tarjei Engeset Ofstad
Blinklys: – Særleg i Ørsta er mange som kan bli betre på å nytte blinklys, meiner Christian Åm. Foto: Tarjei Engeset Ofstad
Trafikklærar: Christian Åm er trafikklærar ved Åm trafikkskule. Foto: Tarjei Engeset Ofstad