I februar i fjor vart Bjørklund på Amfi utsett for eit nattleg innbrot der store verdiar forsvann. Året før vart eit liknande brekk gjort på Moa. Også andre plassar i landet vart det gjennomført gullsmedbrekk. No er fleire av brekka i Noreg oppklart, men i Ørsta og på Moa har politiet ikkje lukkast å ta gjerningsmennene.

– Fleire av gullsmedbrekka som skjedde andre plassar i Noreg er oppklart. Enten ved at personar på veg ut av Noreg eller i utlandet vart arresterte med tjuvegods. Basert på modusen og likskapen mellom åstadane, både i måten det vart utført på og tidsrommet, er vår sterke mistanke at det er same organisasjonen som står bak brekka i Ørsta og på Moa, seier politioverbetjent Lars Erik Steinsland i vinningsavsnittet ved Sunnmøre politidistrikt.

– Men vi står utan bevismessig dekning for å seie det. Dei har ikkje innrømma noko i avhøyr, og vi har ikkje tekniske bevis som knyt dei til gullsmedrana på Sunnmøre. Slik det står no, er vi eit stykkje unna oppklaring. Sjølv om vi har ein mistanke, seier han. Politiet har arbeidd internasjonalt.