I løpet av onsdag ettermiddag vert Parkvegen ved Nekken i Ørsta sentrum stengt for gjennomgangstrafikk.

Årsaka er anleggsarbeidet som no er i gang. For om lag ei veke sidan vart det sett i gang arbeid for å sikre vegen mot Vikeelva. Vegvesenet vurderer grunnen som utrygg før anleggsarbeidet er ferdig.

Onsdag kom det også inn ein del vatn i anleggsområdet.