Det seier ordførar i Volda, Jørgen Amdam, som reaksjon på at Helse Møre og Romsdal ønskjer å etablere ny ambulansestasjon i området Hovdebygda/Ryste i Ørsta.
– Ambulansestasjonen ved Volda sjukehus har eit avvik knytt til dei fysiske arbeidsforholda som tilseier stenging på grunn av brot på arbeidsmiljølova. Dette har vore kjent lenge, og vi har drifta på dispensasjon i og med at det har vorte jobba med å skaffe ein ny stasjon, seier Kjersti Bergjord til Møre-Nytt.
Ho er klinikksjef for klinikk for akuttbehandling i Helse Møre og Romsdal.
Det har vore utarbeidd ein beredskapsanalyse som viser at delar av innbyggjarane i Ørsta kommune ikkje kan nåast med ambulanse innanfor nasjonale anbefalingar om responstid.
– Det optimale beredskapspunktet er i Hovdebygda, seier Bergjord.
Det er også teke høgde for dekningsområde for innbyggjarar i Hornindal, som vert slått saman med Volda kommune frå 2020.
– Med bakgrunn i dialogen vi har hatt med Volda kommune i denne prosessen, valde vi å legge inn ein ekstra analyse som inneheld Voldatunnelen. Denne analysen viser at plassering i Hovdebygda/Ryste vil gjere at ambulansen når enda fleire av innbyggjarane i desse to kommunane innanfor nasjonale krav om responstid – noko som ytterlegare stadfestar at ny ambulansestasjon bør vere plassert i Hovdebygda.
Ordførar Jørgen Amdam er ikkje samd i denne konklusjonen.
– Vi har vore samde med helseføretaket om at ambulansestasjon og legevakt bør vere kopla saman. Det heng også saman med at det i løpet av eit par år vil kome eit krav om at legevakta ikkje lenger kan rykke ut aleine. Der må vere med ein person i tillegg. Då er det ein stor fordel å kople legevakta saman med ambulansetenesta, der m.a. sjåførane kan bidra.
I dag er nattlegevakta kopla saman med akuttmottaket ved sjukehuset.
– Det er det ei viss interesse for å halde fram med, seier Amdam.
Samstundes går også prosessen med å få etablert ei interkommunal legevakt på kveldstid.
– Det er store fordelar om denne vert samlokalisert i, eller nært sjukehuset. Når helseføretaket no går ut og seier at ny ambulansestasjon skal ligge i Ørsta, skaper det problem med å få til felles ressursbruk. Skal legevakta ligge same stad, bør også nattlegevakta vere med. Då er det igjen problem for akuttenesta og telefontenesta til sjukehuset. Vi veit ikkje heilt konsekvensane av dette, fordi vi aldri får eit heilt klart svar på kva helseføretaket eigentleg vil, seier Amdam.
I eit møtereferat frå eit møte mellom helseføretaket og representantar frå Ørsta og Volda kommunar i mai i år, står det summert opp: Helseføretaket kan ikkje halde fram med å drive ambulanseteneste frå dagens lokale, og vil så snart som råd gå ut med eit anbod. Plassering er så nært målepunktet for likeverdig behandling som mogleg, altså i Hovdebygda, der responstida vil vere mest optimal.
«Helseføretaket ønskjer å samlokalisere seg med den interkommunale legevakta på Søre, og vil legge inn ein opsjon i anbodspapira som sikrar dette, dersom kommunane ønskjer det. Helse Møre og Romsdal er også positiv til å gå inn i eit prosjektsamarbeid for å utgreie vidare samarbeid mellom partane, men vi må unngå å la dette utsette anskaffing av ny ambulansestasjon».
Anbodspapira vil gå ut i løpet av kort tid, og kravspesifikasjonar vil bli gått gjennom av seksjonsleiar, tillitsvald og verneombod i Volda.
Jørgen Amdam vil ikkje sleppe saka heilt enno.
– Vi vil prøve å ta prosessen vidare og snakke med styremedlemer i helseføretaket. Så får vi sjå om det er noko som kan gjerast.