Frå å vere ei beskjeden kjellarbedrift på 50-talet, har Foldal Stempel utvikla seg til å verte ein stor leverandør av stempel og namneskilt til den norske marknaden.

I 2009 tok dei over det tome lokalet etter nedlagde Follestaddal skule, og i det som før var klasserom arbeider i dag seks tilsette med å designe, produsere, pakke og sende 20.000 til 30.000 stempel årleg. I tillegg produserer dei titusenvis av namneskilt og dørskilt.

Nettbutikk

Nyleg lanserte bedrifta ein ny nettbutikk der kundane kan designe sine eigne motiv til stempel, dørskilt og namneskilt.

– Vi har ein del forventningar til dette. Særleg når det gjeld skilt. Det ser vi har slått godt an, seier dagleg leiar Asbjørn Foldal.

For mange er netthandel i dag alfa og omega for å gjere god butikk. Ikkje minst når fabrikken ligg inne i ein dal i Ørsta.

– Nei, det er ikkje nokon fordel å drive her, for vi har ikkje nokon marknad rundt oss slik dei som driv i Oslo har. Vi må difor fokusere på å vere raske. Det er det vi vinn på. Rask levering er nok noko folk set meir pris på enn sjølv prisen, seier Foldal.

Tollgrense

At politikarane no snakkar om å heve tollgrensa frå to hundre kroner til tusen kroner ved handel frå utlandet, er han ikkje like begeistra for.

– Dette vil nok påverke oss. Vert det momsfritt på kjøp inntil tusen kroner, vert det som ein rabatt på tjuefem prosent for dei som kjøper frå lågkostland, der det frå før er billegare. Det vil verte heilt umogleg for oss å konkurrere med dei, seier Foldal.

Foldal fortel at stempelmarknaden elles er ganske stabil, men det er ikkje akkurat ein bransje i vekst. Likevel er det meir enn nok å gjere for dei tilsette i bedrifta.

– Periodevis er det ganske mykje å gjere. Det kan svinge frå veke til veke. Vi skal vere raske og levere varene etter ein dag. Då vert det fort stressande.

Namneskifte

Stempla til Foldal er i høg kvalitet med ti års garanti. Kanskje ikkje det beste utgangspunktet med tanke på meirsal, men heldigvis slit kundane i næringslivet ut informasjonen i stempelet hyppigare enn sjølve stempelet.

– Det som bergar oss er at bedrifter skiftar adresse, slår seg saman og skiftar namn, smiler Foldal.

I tillegg til stempel, satsar Foldal Stempel på produksjon av namneskilt og dørskilt. Foto: Kjell Arne Steinsvik