Medan Kiwi-hallen i Ørsta snart står klar til bruk, nærmar det seg byggjestart for fotballhallen i Volda. Måndag denne veka var det byggjemøte på klubbhuset ved Volda stadion. På VTI fotball sine heimesider skriv klubben at trea på halltomta må hoggast før Volda maskin kan starte arbeidet med å klargjere tomta for fotballhall og skatepark. Hallen skal byggjast i området framfor hovudbana, og skateparken vil kome ved sida av hallen.

– Hallnemnda til VTI Fotball ser føre seg at til 1. september skal tomta til hallen vere planert og byggeklar slik at hallen kan stå ferdig til 1. november. Det er viktig å vere ferdig til den datoen fordi kunstgraset ikkje kan limast om temperaturen blir lågare enn seks grader. VTI Fotball arbeider for få på plass idrettsfunksjonell førehandsgodkjenning, som er ei detaljert skildring av prosjektet. Første versjon er no til revisjon og blir klar om få dagar, opplyser VTI fotball.

Må få på plass avtale

Volda kommune skal stå som byggherre for fotballhallen, og VTI fotball skal gje eit investeringstilskot til prosjektet. Kommunen og VTI fotball må også få på plass ein avtale om finansiering, bygging og drift av hallen. Når fotballhallen står ferdig, skal VTI fotball drive hallen på vegner av Volda kommune.

– Når avtalen er på plass vil Volda kommune lyse ut bygging av sjølve hallen som eit offentleg tilbod, og elles syte for at prosjektet faktisk blir gjennomført. Her ligg det ein flaskehals, fordi Volda kommune har vanskar med å få tilsett folk i eigedomsavdelinga, samstundes som det er mange større prosjekt enn fotballhallen under planlegging. Likevel er ikkje dette ein svært tidkrevjande jobb, fordi hallen vil bli lyst ut som ein totalentreprise.

Skatepark

VTI fotball opplyser også at det vert arbeidd godt med skatepark frå styret i VTI Rullarlag.

– Ideen om å samordne bygging av skatepark med fotballhall ligg fast då det er pengar å spare på eit samarbeid.