Like før klokka fem natt til tysdag fekk politiet melding om at ein mann hadde hoppa i sjøen ved hamna i Volda. To menn hoppa i sjøen for å få opp vedkommande, og fekk mannen på land. Alle naudetatane rykka ut til staden, og dei tre mennene vart køyrt til Volda sjukehus for sjekk.

Årsaka til at mannen hoppa på sjøen er noko uklar ifølgje operasjonssentralen til Sunnmøre politidistrikt. Etter samtale med dei involverte ein time etter hendinga er det framleis ikkje klart kvifor mannen hoppa. Ingen av dei involverte var rusa, og ingen er skadd. Dei får oppfølging av sjukehuset i Volda.