LPP er Landsforeininga for Pårørande innan Psykisk helse.

– Lokallaget har vore nede dei siste fem åra, men frå januar har vi vore godt i gang att, fortel Bjørdal.

Han viser mellom anna til at dei har fått eit godt utgangspunkt med nye Viketunet i Ørsta sentrum, der det er 16 psykiatriske bueiningar.

– Men vi ønskjer å femne om alle sju kommunane på Søre Sunnmøre, seier Bjørdal.

Det verkelege startskotet for nystarta LPP Søre Sunnmøre var på rådhuset tysdag med pårørandemøte.

– Eg er glad for at mange tok turen, og målet framover må vere å få med enno fleire utanfrå. Vi sende invitasjonar til alle sju kommunane, men må bruke litt tid på å nå ut til alle, men dette har vore ein god start.

Nytt styre

Leiar for styret er Laurits Bjørdal. Skrivar er Åshild Haram, kasserar er Kåre Olav Aarseth, og styremedlemer er Jorunn Sætre og Sven Kristoffersen.