Til trass for full byggeaktivitet langs den 30 mil lange traseen mellom Ørskog og Sogndal, vert prosjektet forseinka på grunn av manglande løyve til delar av traseen.

– Vi har hatt som mål å få dette sambandet ferdig innan utgangen av 2015. Dette er ikkje lenger muleg. At prosjektet no ikkje vert ferdig i planlagt tid på grunn av omstende som vi ikkje rår over er beklageleg, seier konserndirektør i Statnett, Håkon Borgen.

Ny framdriftsplan

Statnett sitt styre har vedteke ein ny framdriftsplan som inneber at strekninga mellom Ørskog og#<\p>Høyanger vert sett i drift i løpet av 2015. Den siste delstrekninga frå Høyanger til Sogndal vert ferdigstilt i 2016. Framdriftsplanen føreset at Statnett får nødvendige løyve og tilgang til transformatorstasjonstomta i Bremanger innan september 2013.

Statnett har klaga på Fylkesmannen sitt avslag på søknad om dispensasjon til å krysse Sørdalen naturreservat. Statnett har også bede Namsmannen om å avklare tilgang til eigedomane som enkelte grunneigarar i Flora og Bremanger nektar Statnett.

Nettforsterkinga mellom Ørskog og Høyanger vil auke forsyningssikkerheita for Sogn og Fjordane og sørlege delar av Møre og Romsdal. Først når heile prosjektet frå Ørskog til Sogndal er ferdigstilt vil forsyningssikkerheita til Midt-Noreg vere normalisert.